For lokalfolk er sommarrevyen "Høgtrykk i Vest" ei sann glede, med parodiar og alternative humorvriar på dagsaktuelle tema som får det til å verke i lattermusklane.
Revyen vart fredag toppa av den påfølgande allsangen, der ein fekk kjensla av å vere på ein intimkonsert med Punch og Per Øyvind Helle.
Sommarrevyen tek føre seg fleire kjende karakterar frå bybilete. Firdaposten prata med nokre som ikkje var lokale, og hadde problem med å forstå nokre av parodiane. Om ein derimot er florøværing er sommarrevyen ei perle.
Fekk gjennomgå
Nokre av dei som får gjennomgå i årets revy er kjende og kjære Øystein Hjertenes, ordførar Bengt Solheim-Olsen og Maxitaxi-Elide. Med sketsjar, som for nokre moglegvis på grensa av det som er greit, gjer revyen aktuelle tema i nyheitsbilete om til latterbomber.
Breivik stal showet
Medan fleire sketsjar frå dei lokale revyfjesa er morosame så det held, er Ina Breivik i ein klasse for seg sjølv. Den erfarne revyskodespelerinna tok føre seg sine kjende karakterar "Jannen" og "Margot". "Margot" er den typiske eldre dama på Vestlandet som pratar så fort at ein nesten dett av i svingane, og "Jannen", ein mann som er på sosialstønad og har mange kvikke kommentarar. Det er noko alle burde få med seg. Med ålesundsdialekt og kontroll mange skodespelerar berre kan misunne ho, framkalla Brevik latterbrøl og trampeklapp i salen.
På grensa av det akseptable
Etter revyen sa ei i publikum "Det må vere litt galgenhumor på grensa av det akseptable for at revy skal fungere i ein småby. Det er det som gjer at ein ikkje klarar å slutte å le". Medan revygjengen samanlikna ordføraren til Berlusconi med replikkar som "Bengt Solheim-Olsen og Berlusconi er ikkje så ulike. Dei ligg begge med yngre damer", var det fleire i publikum som lo nervøst, medan andre brølte ut. Men det er noko i det denne tilskodaren sa. Det politiske ukorrekte er innbydande, og det er kjennast herleg å få lov til å le høgt.
Majestetisk allsang
Som toppen av kransekaka, kom allsangen på slutten. Med talentfulle musikarar som gutane i Punch, og entusiastiske og flinke revyskodespelarar med gode sangstemmer, er det ikkje vanskeleg å skape ei fantastisk allsang-stemning, der folk hoppar opp på borda, dansar og syng for full hals. Medan Per Øyvind Helle, Trond Ramstad Olsen og Ann Kristin Takle Winterthun frå revyensemblet syng og showar, spelar Punch med Jan Kjetil Klubben i front opp til eit forrykande show - der ein føler ein er på rockekonsert. Klubben gir alt, og mange pikehjarte sukkar stille når han byrjar å synge Vinnie sin versjon av "Sommarfuggel i Vinterland".