...
FRAMSYNING: Bildet frå sommaravslutninga til Lisa Melvær Giil sin ballettskule. Foto: Eivind Nordvik Hauge Foto: Eivind Nordvik Hauge

Vil danse med dei minste

Lisa Melvær Giil tilbyr danseskule i ballett for dei aller minste, og har fullbooka timar for haustsemesteret. - Eg ønskjer å opprette fleire grupper om det er av interesse, seier ho.

Maiken Aa. Solbakken E-post
Publisert 30.07.2012 kl 14:01 Oppdatert 30.07.2012 kl 14:50

Tips ein venn på e-post:

For små jenter og gutar i alderen 3 til 8 år tilbyr Lisa Melvær Giil (23) danseskule for ballettinteresserte i haust. Danseskulen tek til den første helga i september, og spenner seg over fire helger i oktober, november og desember.

- VI dansar på Flora vidaregåande skule. No er klassane fulle, men eg er open for å opprette fleire grupper om det er fleire interesserte der ute, seier ho.

Giil oppmodar foreldre til å ta kontakt, slik at ho kan få eit overblikk over kven som ønskjer å vere med.

Sommarskule

Giil har i sommar hatt sommarskule, og byrjar på att med helgebasert danseskule i haust. Giil har tidlegare sagt til Firdaposten at ho håpar på at haustsemesteret denne gongen vil ende i ei førestilling med ulike koreografiar.

Verdifull erfaring

Giil går til dagleg på lærarstudie i Bergen, og meinar at pedagogikken ho studerer hjelper ho med danseundervisning.

- Det er klart at pedagogikk hjelper meg i undervisninga, og at det gjev meg verdifull erfaring i samhandling med barn, sa ho då.



På forsiden nå


...

Tilrår seks politidistrikt

Lokalnytt Onsdag vart framlegg til ny organisering i politiet overlevert til Justisdepartementet. Analysen føreslår seks politidistrikt i heile landet, med region Vest beståande av fylkene Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane. Les meir

...

Skal trø seg trygge i trafikken

Sport – Det er framleis mogleg å melde seg på årets sykkelskule, seier leiar Geir Kristiansen i Florø CK. Les meir

...

Meiner bystyret braut lova

Lokalnytt Fleire bystyrerepresentantar krev lovlegkontroll av vedtaket om å lukke møtet om avlastingstilbodet til Joakim Osland (18). No har dei bede Fylkesmannen sjå på saka. Les meir

Tips oss

Tlf. 57 75 73 03
SMS/MMS: 2097, kodeord "fptips"
E-post: redaksjon@firdaposten.no

Kontakt oss

Tlf. 57 75 73 00
E-post: redaksjon@firdaposten.no
Besøksadresse: Markegata 65, 6900 Florø
Postadresse: Postboks 38, 6901 Florø

Annonsere?

E-post: annonse@firdaposten.no
Meir informasjon: Marknadsavdelinga

Redaksjon

Ansvarleg redaktør: Svend Arne Vee
Nyheitsredaktør: Arve Olav Solbakken
Tilsette: Redaksjonen

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.