...
Også gutane fann vegen til Anders Alvaro Nydal sin danseskule på samfunnshuset i førre veke. Foto: Liv Standal

Sommarskule på tåspissane

Anders Alvro Nydak tok med seg forloveden og bestekompisen heim til Florø og heldt danseskule.

Liv Standal
Liv Paula Standal Profil E-post
Publisert 16.07.2012 kl 18:00 Oppdatert 16.07.2012 kl 18:00

Tips ein venn på e-post:

Han har no starta opp Nordfjord Performing Arts Academy saman med Candice Bredesen, som har fått mykje av æra for danse-interessa som oppstod i Florø for nokre år sidan. Dei underviser barn frå tre år og oppover til vaksne. Dei gjev også sangundervisning og blandar gjerne danseklassane for vaksne med fitness-trening.

Rundt 40 elevar har fått si første innføring i dans på sommarskulen denne veka.

– Dei får prøve alt. Naomi Bailie underviser i klassisk og Liam Pentland i street dance, seier Nydal, og legg til at han er glad dei har greidd å få med ein del gutar på sommarskulen.

Dei to som underviser saman med han møtte han på Hammond School of dance and musical theatre i Chester i England, der han tok si utdanning. No har han leigd dei inn for å undervise på sommarskulen. Han meiner dei representerer noko Florø ikkje har frå før sjølv om tilbodet i byen må seiast å vere mangfaldig innan for dans:

– Vi er utdanna, profesjonelle dansarar som driv med dans sjølv, vi koreograferer og vi set opp framsyningar.



På forsiden nå


...

OL og VM-meister til Florø

Lokalnytt Szymon Ziolkowski kjem til Florø. Sett av dagen 8. juni til tidenes sleggeduell. Les meir

...

Opera-gründer skal kulturmobilisere Flora

Lokalnytt

Korleis kan eit lokalsamfunn makte tunge kulturløft, basert på frivillig arbeid? Det har kanskje Kari Standal Pavelich svar på når ho vitjar Florø 27. mai. Les meir

...

Datatrøbbel for avisene

Lokalnytt Grunna datatrøbbel hos Amedia-konsernet som følgje av flaumen på Austlandet, vil det ikkje vere muleg å ringe til kundesenteret til Firdaposten onsdag føremiddag. Men det finnest alternativ. Les meir

Tips oss

Tlf. 57 75 73 03
SMS/MMS: 2097, kodeord "fptips"
E-post: redaksjon@firdaposten.no

Kontakt oss

Tlf. 57 75 73 00
E-post: redaksjon@firdaposten.no
Besøksadresse: Markegata 65, 6900 Florø
Postadresse: Postboks 38, 6901 Florø

Annonsere?

E-post: annonse@firdaposten.no
Meir informasjon: Marknadsavdelinga

Redaksjon

Ansvarleg redaktør: Svend Arne Vee
Nyheitsredaktør: Arve Olav Solbakken
Tilsette: Redaksjonen

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.