Sjå video av prøvesykling av Tør De Trovik i sykkelversjon. Video: Roy Austbø
Laurdag kl 13 vert Tør de Trovik arrangert for andre gong, denne gong på sykkel. Tysdag vart det nye hoppet testa. Sjå video og bilete frå prøvehoppet her.
I januar arrangerte HippHipp Flora Tør de Trovik for første gong. Ein kald januarkveld var ski det naturlege valet og fleire hundre møtte opp i sentrum for å få det med seg. Den første juli er skia bytta ut med pedalar og sykkel, og tradisjonen tru byrjar deltakarane på toppen av Trovikbakken, og endar med plask i Florevika.
- Til no har vi mellom 12 og 15 påmelde. I tillegg skal alle dei som hoppa i januar vere med denne gong óg, seier Roy Austbø i HippHipp.
Sykkelrennet er i Trovikbakken på laurdag klokka eitt og er gratis for publikum.
- Målet er å skape litt liv i sentrum. Det var ein stor suksess sist, og vi fekk gode tilbakemeldingar, seier Roy Austbø.
Etter Firdapostentom bilder tysdag ettermiddag hadde nokre andre av utøvarane prøvd seg i bakken, og meldinga var klar. Dette var moro, men eit større hopp måtte til. Difor vert det to hopp ståande på kaia, slik at dei sprekaste kan flyge endå høgre enn det som kan sjåast på videoen vedlagt saka.