...
Lene Kristin Ellingsund, Mathilde Stenseth, Petter Kittang og Eline Knapstad i nokre av kostyma du kan vente deg i framsyninga onsdag. Foto: Anne Marit Seljeseth

Dansar seg til Italia

Spotlight legg ut på turne i Italia, men først kan du få ein forsmak av det fargerike showet.

Publisert 23.06.2012 kl 11:11 Oppdatert 23.06.2012 kl 23:18

Tips ein venn på e-post:

Saman med Dans utan grenser, legg dansegruppa Spotlight frå Florø og Spekter frå Førde ut på ein sju dagars danseturne i Italia.

Dei fjorten dansetalenta frå Florø har øvd intenst sidan i haust og har kjøpt inn kostyme for nærare 90. 000 kroner for høvet.

– Vi er blitt fortalt at på den største sceneområdet har det vore opp til 6000 tilskodarar. På dei minste kan vi vente oss eit par tusen, seier Mathilde Stenseth.

– Vi er jo vand med å opptre for publikum her heime, men aldri så mange som vi kan vente oss i Italia, smiler Karina Strømmen.

Den 26. juli ber det av garde, men først kan heimepublikumet få nyte showet deira, både i Førde og i Florø.

Onsdag kan publikum få ein forsmak på kva italienarane kan vente seg. Då skal dansegruppa ha framsyning i Florø.

Du kan lese meir om Italia-turen i laurdagsavisa



På forsiden nå


...

OL og VM-meister til Florø

Lokalnytt Szymon Ziolkowski kjem til Florø. Sett av dagen 8. juni til tidenes sleggeduell. Les meir

...

Opera-gründer skal kulturmobilisere Flora

Lokalnytt

Korleis kan eit lokalsamfunn makte tunge kulturløft, basert på frivillig arbeid? Det har kanskje Kari Standal Pavelich svar på når ho vitjar Florø 27. mai. Les meir

...

Datatrøbbel for avisene

Lokalnytt Grunna datatrøbbel hos Amedia-konsernet som følgje av flaumen på Austlandet, vil det ikkje vere muleg å ringe til kundesenteret til Firdaposten onsdag føremiddag. Men det finnest alternativ. Les meir

Tips oss

Tlf. 57 75 73 03
SMS/MMS: 2097, kodeord "fptips"
E-post: redaksjon@firdaposten.no

Kontakt oss

Tlf. 57 75 73 00
E-post: redaksjon@firdaposten.no
Besøksadresse: Markegata 65, 6900 Florø
Postadresse: Postboks 38, 6901 Florø

Annonsere?

E-post: annonse@firdaposten.no
Meir informasjon: Marknadsavdelinga

Redaksjon

Ansvarleg redaktør: Svend Arne Vee
Nyheitsredaktør: Arve Olav Solbakken
Tilsette: Redaksjonen

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.