Først vart FSK utropte til Sildekongar. Så fekk dei Ingrid og Bjarne Sundes minnepris.
- Dette vert nesten for mykje av det gode, sa leiar Anne Leversund i Florø Sportsklubb då ho måtte fram for andre gong.
Berre eit lita stund tidlegare hadde ho vore framme og teke mot utmerkinga som Årets Sildekonge frå ordførar Bengt Solheim-Olsen. I begrunninga som ordføraren las opp heitte det at
"Årets sildekonge har vore viktige for Sildebordet i 21 år, og utan dei hadde det neppe vore så mange Sildebord - kanskje ingen. Årets sildekonge har i nokre år vore med på å lage til maten, alltid med på å servere den, og sytt for bord, benkar og scene".
Og at FSK gjennom åra har lagt ned utallige dugnadstimar og ein enorm innsats for Sildebordet, er det ingen tvil om.
- Vi kunne aldri greidd oss utan dykk, sa Leversund til publikum då ho takka for utmerkinga, og la til: - Men de kunne heller ikkje greidd dykk utan oss.
Då ho var framme for andre gong for å takk for Ingrid og Bjarne Sundes minnepris, inviterte ho like godt Wenche Karin Sunde på fotballkamp.
Men den som fekk aller høgast lyd ut av dei tusenvis i Strandgata i kveld, var utan samanlikning dagleg leiar i Brann, Roar Bruun-Hansen. Han hadde heile laget med seg på scena, og takka varmt for mottakinga laget får når dei kjem til Eikefjord og Florø.
- Det er alltid slik at når vi kjem til Eikefjord og utover til Florø, så føler vi at vi er komne til den vakraste staden på jord, sa han til stor jubel frå publikum, og heldt fram:
- Nokre seier at Florø er Bergen sin veslebror, og det er nok difor vi kjenner oss så heime her.
Bruun-Hansen trekte også fram jobben Eikefjord Fotball har gjort med å få etablert tradisjonen med at Brann kjem til Sunnfjord og trenar og spelar kampar mot dei lokale laga.