...
Bob Walkenhorst er kunstutdanna frå University of Central Missouri og har ein kunst-bachelor frå Northwest Missouri State University. Han byrja å stille ut bilder i Kansas City-området allereie på 80-talet. Foto: Pressefoto

Walkenhorst stiller ut på Hagen

Her får du ein snik-kikk på nokre av bilda som vil henge på Hagen dei to neste vekene.

Liv Standal
Liv Paula Standal Profil E-post
Publisert 14.06.2012 kl 10:10 Oppdatert 14.06.2012 kl 10:10

Tips ein venn på e-post:

Saman med Walkenhorst, skal den lokale kunstnaren Per Grøtting stille ut bileta sine.

Bob Walkenhorst er mest kjend som vokalist i The Rainmakers, som skal ha konsert i byen under SommarFlora. Frå slutten av 80-talet har The Rainmakers stått spesielt sterkt i Skandiniavia og har vore hyppige gjestar her. Men det ikkje fullt så mange har visst, er at Walkenhorst parallellt med musikarlivet er ein anerkjend biletkunstnar som no stiller ut for første gong i Norge. Det er Per Øyvind Helle i SommarFlora som har fått konstellasjonen i stand:

– The Rainmakers har vore ein av mine favorittar sidan 80-talet, og då eg fekk vite at Bob Walkenhorst også er biletkunstnar, tok eg kontakt med managmentet for å høyre om han kunne tenke seg å stille ut bileta sine når han likevel skulle til Florø, seier Helle. Han legg til at SommarFlora gjerne vil bidra til å utvide spekteret av sentrumsaktivitetar. Då også Flora Kunstlag tende på idéen og Halvor Halvorsen gjenopna Hagen og slik sett sytte for utstillingslokale, var det berre å gå i gong.

Men Walkenhorst sine bilete skal altså dele plass med ein kjend og skatta lokal kunstnar - Per Grøtting. Han arbeider mykje i akryl på lerret, men tek og i bruk treskulptur og blandingsteknikkar der skulpturale element inngår, og er innkjøpt av mellom andre Flora kommune og Sunnfjord Medisinske Senter. Grøtting har mange utstillingar bak seg, og hadde separatutstilling på Kystmuséet i 2008.

Utstillinga opnar altså fredag og vil henge i to veker, men kanskje vert avslutninga enno litt meir spesiell:

– Laurdag 30. juni vil Walkenhorst sjølv komme på Hagen og fortelje litt om bileta sine, og ein skal aldri sei aldri, det kan jo hende han har teke med seg gitaren før den store konserten om kvelden, seier Per Øvind Helle håpefullt.

...
Dandelion Road Foto: Pressefoto
...
The Traveller Foto: Pressefoto
...
Sunflower Night Foto: Liv Standal


På forsiden nå


...

Ny Åsen opp-rekord

Sport Aldri før har det vore så mange deltakarar under Åsen opp som på laurdag. Les meir

BILDE: "Berre digg" laurdag

...

Bil-, båt og fritidsmessa "BERRE DIGG" vart arrangert i havnebassenget i Florø laurdag.

Stor bildeserie her!

KVA MEINER DU?

Etter di meining, bør konfirmasjonsundervisning gå føre seg i skuletida?

Ja
Nei
Veit ikkje

Stemma di er registrert

Avsluttet

Tal på stemmer: 250

...

Stefan sette to straffar

Lokal fotball Stefan Aase stod for to straffemål då Florø SK vann mot Lyngbø laurdag. Les meir

Tips oss

Tlf. 57 75 73 03
SMS/MMS: 2097, kodeord "fptips"
E-post: redaksjon@firdaposten.no

Kontakt oss

Tlf. 57 75 73 00
E-post: redaksjon@firdaposten.no
Besøksadresse: Markegata 65, 6900 Florø
Postadresse: Postboks 38, 6901 Florø

Annonsere?

E-post: annonse@firdaposten.no
Meir informasjon: Marknadsavdelinga

Redaksjon

Ansvarleg redaktør: Svend Arne Vee
Nyheitsredaktør: Arve Olav Solbakken
Tilsette: Redaksjonen

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.