Hovudutval for kultur valde tysdag å ikkje støtte den tredje delfinalen i MGP i Florø.
Etter det Firdaposten kjenner til var det berre Bjarne Holme i Framstegspartiet som stemte for å sende saka vidare til Fylkesutvalet. Resten av representantane gjekk inn for rådmannen sin innstilling om å ikkje gje økonomisk støtte til Melodi Grand Prix-delfinalen i Florø i år, og vidare ikkje sende saka vidare til fylkesutvalet.
Grunngjevinga frå fylkesrådmannen er at MGP er "eit kommersielt arrangement med størst effekt lokalt, både for næringsliv og kulturliv. Avslaget er også grunna i hovudutvalet sitt budsjett som ikkje gjev rom for tilskot i den storleik det her var snakk om". Rådmannen samanliknar her HippHipp Flora sin søknad om 750.000 kroner med fylkesjubileet i 2013, der fylket har sett av 800.000 kroner.
Fylkesrådmannen skriv vidare at når det gjeld omdømebygging internt i fylket, "vurderer vi likevel at omdømeeffekten først og fremst var internt i Flora".
- Eg synest det er ufatteleg at kulturpolitikarane, dei som skal fronte kulturlivet og dei gode kulturopplevingane, vel å seie nei til det desidert største kulturarrangementet i fylket, seier Frank Willy Djuvik (Frp).
Han viser til at det ikkje berre er dei 3000 i salen under MGP som får oppleve kultur under dette arrangementet, men ikkje minst dei 1,5 millionar sjåarane på fjernsynet og dei frivillge. I tillegg genererer MGP lokal ein heil del kulturaktivitet blant dei unge.
- No har vi dei frivillige med på laget, næringslivet og kommunen. Det ville vere ei katastrofe om det er kulturpolitikarane som gjer at MGP-delfinalen i Florø fell, seier Djuvik men legg til at det framleis er håp.
- Alternativet er å løfte den opp på sakskartet i Fylkesutvalet onsdag, seier Djuvik. Både Framstegspartiet og Arbeidarpartiet arbeider no med å få MGP inn i tertialrapporten som også skal behandlast i morgon.
Firdaposten kjem attende med meir i denne saka.
Firdaposten tok seg ei runde i byen for å sjå kva folk brukte det fantastiske vêret pinseaftan til.
Sjå bilete