...
Foto: Pressefoto

Punch slår til på norsk

Rockekvartetten Punch satsar mot sitt aller første album med songar på norsk.

David E. Antonsen
David E. Antonsen Profil E-post
Publisert 21.05.2012 kl 13:35 Oppdatert 21.05.2012 kl 13:35

Tips ein venn på e-post:

Og i framtida vil alle songane deira ha norsk tekst. Det stadfestar vokalist Jan Kjetil Klubben.

– Du kan seie at det har gått opp for oss at vi er norske, vi kjem difor til å syngje på norsk framover. Men vi held på bandnamnet, sjølv om det er engelsk, smiler Klubben og legg til at grunnen til språk-snuen også er at norske låtar er i skotet som aldri før.

– Honningbarna og Skambankt og andre norske band viser at norske tekstar slår meir an enn dei engelskspråklege, seier Klubben.

Allereie har bandet spelt inn to songar på norsk. Dei ligg ute på NRK Urørt. Punch arbeider no med å ordne finansieringa til det aller første albumet med norske tekstar, der desse to første songane kjem til å vere med.

Punch har også sikra seg avtale med Eirik Husabø om sjølve innspelinga. Men når han får sleppe til avheng av når finansieringa er på plass.

– Vi har ein del søknader inne på kulturstøtte. Dette arbeidet har vore fokuset vårt så langt i år, så konsertmessig har vi ikkje sikra oss så veldig mange oppdrag enno, seier Klubben og legg til at det ikkje er så veldig lett å sleppe til på dei større arrangementa.



På forsiden nå


...

Datatrøbbel for avisene

Lokalnytt Grunna datatrøbbel hos Amedia-konsernet som følgje av flaumen på Austlandet, vil det ikkje vere muleg å ringe til kundesenteret til Firdaposten onsdag føremiddag. Men det finnest alternativ. Les meir

...

Fekk millionkontrakt på fôrfabrikk i Trøndelag

Lokalnytt Fokus Elektro har inngått fleire store kontraktar, og har no rekordstor ordrereserve, fortel dagleg leiar Svein Nødseth. Selskapet skal mellom anna jobbe på Marine Harvest sin nye fôrfabrikk i Bjugn. Les meir

...

Listetopp vitja verftet

Lokalnytt – Vi er her for å lære om industrien i Florø og kva dei meiner vi burde legge vekt på i partiprogrammet, seier Trude Brosvik. Les meir

Tips oss

Tlf. 57 75 73 03
SMS/MMS: 2097, kodeord "fptips"
E-post: redaksjon@firdaposten.no

Kontakt oss

Tlf. 57 75 73 00
E-post: redaksjon@firdaposten.no
Besøksadresse: Markegata 65, 6900 Florø
Postadresse: Postboks 38, 6901 Florø

Annonsere?

E-post: annonse@firdaposten.no
Meir informasjon: Marknadsavdelinga

Redaksjon

Ansvarleg redaktør: Svend Arne Vee
Nyheitsredaktør: Arve Olav Solbakken
Tilsette: Redaksjonen

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.