...
Foto: David E. Antonsen

Kulturskuleelevane imponerte

Men kor var foreldra?

David E. Antonsen
David E. Antonsen Profil E-post
Publisert 28.04.2012 kl 12:45 Oppdatert 02.05.2012 kl 11:23

Tips ein venn på e-post:

Fredag ettermiddag var det duka for Kulturskulen sin faste vårkonsert i Samfunnshuset, der kulturskule-elevane fekk høve til å vise kor gode dei er.

Mellom dei som med sommarfuglar i magen stilte på scenen, var 11 år gamle August Arenz Sunnarvik Waaraas. Under framføringa av Leonard Cohen sin "Hallelujah" stod han heilt aleine framme på scenen, langt unna bandet i bakgrunnen og song.

- Det var gøy, men når eg syng er eg veldig nervøs. Spesielt når eg aldri har sunge solo før, smiler August etter konserten.

Det er dette Kulturskulekonsertane handlar om: Meistringskjensla og gleden. Men då er det kjekt å ha foreldre i salen ein kan vise talentet sitt fram til. August hadde rett nok stolte slektningar i salen, men ut frå oppmøtet å dømme var det fleire av elevane som ikkje hadde det.

- Det som slår meg er at dei då har gått glipp av noko. Det var ein veldig fin konsert, og ungane viste høgt nivå, slår kulturskulerektor Arne Sunnarvik fast.

- Men dette med meistring er noko av det viktigaste vi driv med på kulturskulen. Difor er det så viktig at foreldra får med seg desse konsertane, understreka han.

BILDE: Vårkonsert Kulturskulen

...

Mange spente ungar, 20 fantastisk fine nummer og stor variasjon. Alt under vårkonserten til Kulturskulen.

Sjå biletserie her


På forsiden nå


...

- For store kutt i Florø

Lokalnytt Sogn og Fjordane Ap meiner fylkesrådmannen legg opp til for store kutt ved Flora vgs., men har ikkje konkludert i forhold til skulebruksplanen. Les meir

...

Hevar prisen på kjøp av Ewos

Lokalnytt Marine Harvest signaliserer sterk interesse med å auke prisen for kjøp av aksjane i Cermaq og med det underselskapet Ewos. Les meir

...

Vidare til 3. runde

Lokal fotball - At vi gjekk vidare var det einaste lyspunktet i cupkampen mot Eid, seier Terje Rognsø. Les meir

Tips oss

Tlf. 57 75 73 03
SMS/MMS: 2097, kodeord "fptips"
E-post: redaksjon@firdaposten.no

Kontakt oss

Tlf. 57 75 73 00
E-post: redaksjon@firdaposten.no
Besøksadresse: Markegata 65, 6900 Florø
Postadresse: Postboks 38, 6901 Florø

Annonsere?

E-post: annonse@firdaposten.no
Meir informasjon: Marknadsavdelinga

Redaksjon

Ansvarleg redaktør: Svend Arne Vee
Nyheitsredaktør: Arve Olav Solbakken
Tilsette: Redaksjonen

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.