Flaggaksjonen har bede riksantikvaren om å sjå på saka.
Då Fjord1 Fylkesbaatane vedtok å fjerne det gamle FSF-flagget frå båtane sine, utløyste det ein brei folkeaksjon for å få flagget tilbake i masta på Fjord1 sine ferjer og båtar. Men så langt har konsernet vore ubøyeleg. No har Riksantikvaren fått seg forelagt spørsmålet om bruken, og det viser seg at dei er godt oppdaterte på Fylkesbaatane si historie. Dei peikar på eit interessant moment ved reiarlagsmerket som kulturhistorie, nemleg at det har ei rolle som immateriell kulturberar. Det vil sei at "det gjev meining i kraft av historie og tradisjon, bore oppe gjennom bruk".
I brevet vidare opplyser Riksantikvaren at dei ikkje har heimel til å verken frede bruken av visse gjenstandar eller å påleggje eit selskap å bruke visse symbol. Men brevet har følgjande avslutning:
"Likevel er det slik at bruken av slike symbol kan opplevast som eit identitetsberande kulturminne langt ut over sjølve selskapet. Når det i tillegg er tale om sjølvaste Fylkesbaatane, som har nytta same flagg og skorsteinsmerke sidan skipinga i 1858, kan vi forstå at mange vil sakne desse".
Lokal fotball Førde scora kampens einaste mål i ein kamp som blei overskygga av ein stygg hovudskade på Florø-kaptein Andre Reksten Les meir
Lokal fotball Sunnfjord-rivalar i storform møtast til klassisk 16.mai-kamp. Blir det ein ny folkefest? Les meir