Onsdag får delfinalistane i MGP Florø prøve seg som markørar under ei luftig redningsøving på Florevika.
Det er i samband med innspelinga av presentasjonsfilmane til MGP-arrangøren Florø at Redningsselskapet og 330-skvadronen slår på stortromma.
- Vi skal ha ei samøving på redning med båtar og helikopter og legg denne til innspelingsdagen som er onsdag. Då vil vi kle opp dei modigaste artistane i overlevingsdrakter, "kaste" dei på sjøen og setje Sea King-helikopteret med redningspersonell på saka, seier Martin Malkenes i Redningsselskapet i Florø.
Det er korpsbåten RF "Simrad Buholm" og redningsskøyta "Emmy Dyvi" som skal delta i øvinga, og om bord i begge fartøya vil det vere filmteam som dokumenterer seansen.
- Fire av artistane har allereie takka ja og er i fyr og flamme for å få prøve seg på litt "James Bond-action", men eg håpar vi klarar å lokke med eit par til. Somme skal visstnok vere redd for å bli forkjølt før den store delfinalen, men i overlevingsdraktar trur eg ikkje dei har noko å frykte, seier Malkenes.
Han er glad for å kunne bidra med å skape liv og røre og god florøreklame gjennom å stille Redningsselskapet sine ressursar til rådvelde.
- Dessutan er det god reklame for Redningsselskapet å kunne vise oss fram i beste sendetid, seier han?
- Kven av artistane har teke utfordringa?
- Det har eg ikkje oversikt over no. Men dessverre er ikkje Jan Åge Fjørtoft komen til Florø når øvinga startar klokka 14, så han får vi ikkje sjå i flytedrakt, seier Malkenes.
Han oppmodar så mange som mogleg til å kome til Fugleskjerskaia og vere publikummarar og skape liv og røre under øvinga.