...
Foto: David E. Antonsen

Spektakulært og sjarmerande

Drilljentene imponerte under nyttårsoppvisninga laurdag.

David E. Antonsen
David E. Antonsen Profil E-post
Publisert 21.01.2012 kl 21:14 Oppdatert 23.01.2012 kl 16:51

Tips ein venn på e-post:

- Eg har stått og grine medan eg har stått og sett på dykk her frå sidelinja. Eg er så stolt over å få lov til å trene dykk.

Instruktør i Florø Drill, Anja Knudsen, klarer ikkje halde tårene attende då heile drilltroppen på 45 jenter er samla i garderoben etter nyttårsframsyninga i samfunnshuset laurdag kveld. Og stolt, det har ho all grunn til å vere. I to timar leverte jentene eit sceneshow som var både spenstig, sjarmerande og av og til ganske så spinnvilt - med innslag som varierte frå lyrisk drilldans til flagg, showparade og moderne dans.

For det er ikkje berre berre å drille, som Maja Oline Klokkernes Olsen (8), Ingrid Heggheim Brandsøy (8) og Malin Brugger Søfteland seier. Dei er alle aspirantar i drilltroppen.

- Anja er veldig flink og snill, og ho har lært oss masse. Men for å bli flinke må vi også øve masse, også heime, seier Maja.

Men det er ikkje så lett, for ein ting er å snurre ein stav, noko anna er å kaste den opp i lufta og ta imot den etterpå. Enklare blir det ikkje å gjere det, medan ein fullsett samfunnshussal ser på deg.

- Vi har ikkje knust noko når vi misser staven under øving heime, men ein stund måtte vi trene i hagen for tryggleiks skuld, ler jentene.

Les meir i tysdagsutåva av Firdaposten.

BILDE: Nyttårsoppvisning Florø Drill

...

Spektakulært, sjarmerande og spenstig då dei 45 jentene i Florø drill arrangerte nyttårsoppvisning i Florø samfunnshus laurdag kveld.

Sjå biletserie her!


På forsiden nå


...

Måtte reddast ned frå Hornelen

Lokalnytt Braut foten - måtte hentast av redningshelikopteret. Les meir

...

Vil ha oppvekstsenter på Knapstadmarka

Lokalnytt Bystyret ønskjer å planlegge både skule og barnehage på Knapstadmarka, og ikkje berre barnehage. Utbygging og drift skal vere kommunal. Les meir

...

Utfor vegen i Ålfoten

Lokalnytt 60-åring lettare skadd. Les meir

...

Meiner bystyret braut lova

Lokalnytt Fleire bystyrerepresentantar krev lovlegkontroll av vedtaket om å lukke møtet om avlastingstilbodet til Joakim Osland (18). No har dei bede Fylkesmannen sjå på saka. Les meir

Tips oss

Tlf. 57 75 73 03
SMS/MMS: 2097, kodeord "fptips"
E-post: redaksjon@firdaposten.no

Kontakt oss

Tlf. 57 75 73 00
E-post: redaksjon@firdaposten.no
Besøksadresse: Markegata 65, 6900 Florø
Postadresse: Postboks 38, 6901 Florø

Annonsere?

E-post: annonse@firdaposten.no
Meir informasjon: Marknadsavdelinga

Redaksjon

Ansvarleg redaktør: Svend Arne Vee
Nyheitsredaktør: Arve Olav Solbakken
Tilsette: Redaksjonen

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.