Vart sleppt laurdag ettermiddag.
Jomentum sin CD "Jul med Jomentum" vart sleppt under ein liten seremoni inne i Libris-butikken litt over klokka halv eitt laurdag. Etter fleire julesongar, og til kaffi og peparkaker, byrja folk stille seg i kø; både for å kjøpe plata, men også for å få den signert. Plata er spela inn i studioet til Eirik Molnes Husabø, og har 14 spor som inneheld kjende og kjære julesongar frå Jomentumkoristar mellom 5 og 50 år.
Fride Dyrli Frøyen (9), Mathilde Grotle (9) og Marthe Refsnes (9) i barnekoret til Jomentum er svært glad for at CD-en endeleg var ute for sal.
- Det er veldig kult og gøy, ikkje minst at vi får signere CD-ane, seier jentene.
Men det er mykje hardt arbeid som ligg bak. Under innspelinga skulle nemleg resultatet bli så godt som mogleg før ein sa seg nøgd.
- Så innspelinga tok litt tid, men det var gøy, seier Mathilde Grotle.