Overraska over responsen

BRANDSØY: – Det var hyggeleg at de likte det, men vi har liksom ikkje øvd inn noko ekstranummer, sa Kai-Helge Rønvåg og må tte synge solonummeret sitt opp att. Dette var situasjonen der Brandsø ykoret var på "ville vegar", resten gjekk på skinner.
Dag Frøyen
Dag Frøyen Profil E-post
Publisert 25.03.2003 kl 14:29 Oppdatert 28.03.2003 kl 12:23

Tips ein venn på e-post:

...
MEIRSMAK: - Dette var moro sa leiar i koret, Laila Sognnes etter konserten. No har dei planane vidare allereie klare. (Alle foto: Dag Frøyen)

Varieté med Brandsøykoret

...
BRANDSØY: Brandsøykoret synte søndag at dei har ei sterk kulturscene like aust i Florø.Sjå bilete

For nettopp "På ville vegar" hadde koret kalla varieté-konserten dei hadde sett opp på Brandsøy skule søndag. Dette var første gong dei hadde utvida repertoaret til å gjelde populærmusikk. Kring 150 personar sat i salen og likte det dei fekk høyre. Dei likte også det dei fekk sjå. For dei 25 i koret hadde lagt seg i selen for at konserten skulle bli noko anna enn berre opp-og-ned korsong. Under Halfdan Sivertsen si Nordaførr-vårvise synte dei med vantar og skjerf korleis sol og vår ristar liv i vinterkalde kroppar.

Illustrasjon

For å ikkje nemne det svermande ekteparet Tor Otto og Åshild Kjelsnes som hadde dekka på med lys og røde roser under Postgirobygget sin sommarslager "En solskinnsdag". Vi merka også ei auke i programmet. Paul Simon sin ballade "Bridge over troubled water" med solist Kai Helge Rønvåg hausta frysning og trampeklapp. Så meldte klumpen i halsen seg under Erik Clapton sin "Tears in heaven".

No gjekk det over i ei meir munter avdeling. "Scandinavian Shuffel", og salen klappa frå start, og musikal nummra tok over med evigunge Grease Lightning og Summer nights frå "Grease".

Ekstranummer?

Ein rik varieté vart avslutta av "Thank you for the music" og Brandsøykoret kunne motta ståande applaus. Sjølv ei strofe til av Abba-slageren stilna ikkje applausen.

– Vi har liksom ikkje øvd inn noko ekstra nummer, men var det noko det likte?, spurde Kai Helge Rønvåg og fekk til svar at han måtte synge solonummeret sitt på nytt.

– Dette gav meirsmak sa ein utlada Laila Sognnes, leiaren for koret, medan kultursjef i Flora, Edvin Helgheim kom innom viste tommen opp i garderoben og uttrykte "veldig bra". Det er gledeleg å oppleve at også Florø har ei kulturscene like i aust. No gler vi oss til neste varieté og reknar med at koret har ekstranummeret på plass.

Mest lese no

...

MGP-crewet "kjøyrer" Toyota

Lokalnytt Då elevane ved Innvandrarsenteret i Flora las på bilane Toyota Førde har lånt til MGP-crewet denne veka, stussa dei på kva det ukjende ordet "kjøyrer" betydde. Få timar seinare hadde bilfolket retta opp nynorsk-fadesen. Les meir

...

Her går det gale for kjettinglaust vogntog

Lokalnytt Utanlandske vogntogsjåførar held fram med å skape vanskar. Les meir

...

God innspurt i billettsalet

Kultur To dagar før MGP-sirkuset tek av i Florø, er det selt rundt 2200 billettar. Les meir

...

Sju trafikkuhell torsdag

Lokalnytt Torsdag var det sju trafikkuhell i Sogn og Fjordane. Eit av desse var i Florø. Les meir


Tips oss

Tlf. 57 75 73 03
SMS/MMS: 2097, kodeord "fptips"
E-post: redaksjon@firdaposten.no

Kontakt oss

Tlf. 57 75 73 00
E-post: redaksjon@firdaposten.no
Besøksadresse: Markegata 65, 6900 Florø
Postadresse: Postboks 38, 6901 Florø

Annonsere?

E-post: annonse@firdaposten.no
Meir informasjon: Marknadsavdelinga

Redaksjon

Ansvarleg redaktør: Svend Arne Vee
Nyheitsredaktør: Arve Olav Solbakken
Tilsette: Redaksjonen

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.