...

Florø feirar 151 år

Måndag 16. mai er det kostymeopptog i sentrum og kakfest på torget.

Linda Regina Bruvik
Linda Regina Bruvik Profil E-post
Publisert 11.05.2011 kl 12:00 Oppdatert 16.05.2011 kl 12:31

Tips ein venn på e-post:

BILDE: Kostymeparade

...

Tusenvis av menneske i Florøgatene fekk oppleve eit praktfullt kostymeopptog på 150 årsdagen til Florø by 16. mai. Foto: Dag Nesbø Frøyen

Opplev folkefesten her

Florø har bursdag 16.mai, og ein ønskjer etter suksessen i fjor å lage ein ny tradisjon rundt feiringa av byen.

- Det blir ein fin dag med høve til å hente fram eit plagg du har liggande på loftet som ikkje ’passar’ inn i dagens motebilete og bli med i ’kostymetoget’ som går gjennom bygatene og endar på torget, seier Myrtell Horne og Marit Gjerstad.

Floraskulen Brassband og drilltroppen skal også gå i toget, så her blir både musikk og drill.

På torget skal Kreativiteten og Røde Kors Flora selge kaffi, vaflar og kaker.

- Kostyme eller ei, ta ein liten rusletur til by'n, kikk på folk og nyt ein kaffe på torget! Bli med å feire bursdagen til Florø by, oppfordrar dei.

Det er oppstilling til toget kl. 17.45 ved Florø barneskole, og kakesal på torget frå klokka 18.

Byen vår Florø og Myrtell Horne ønskjer no å presisere at det ikkje er "Sommar-kjippen" som skal arrangerast i Florø-gatene 16.mai. Mange har misforstått kva arrangementet eigentleg skal vere.

Treng du inspirasjon til kostyme? Sjå bilde frå jubileumsopptoget i 2010: BILDE: Kostymeparade

Mest lese no

...

Mann i 70-åra funnen død i båt ved Stabben fyr

Lokalnytt Politiet fekk 09.58 melding om ein båt som dreiv i ring ved Stabben fyr i Florø. Om bord fann meldar ein livlaus mann. Les meir

...

Førde vann prestisjeoppgjeret

Lokal fotball Førde scora kampens einaste mål i ein kamp som blei overskygga av ein stygg hovudskade på Florø-kaptein Andre Reksten Les meir

...

Irlands største folkrockband til Florø

Lokalnytt 17. mars spelte dei for Obama i Det kvite hus. 15. juni står dei på scena på Haavebua. Les meir

...

Toppoppgjer på stadion

Lokal fotball Sunnfjord-rivalar i storform møtast til klassisk 16.mai-kamp. Blir det ein ny folkefest? Les meir


Tips oss

Tlf. 57 75 73 03
SMS/MMS: 2097, kodeord "fptips"
E-post: redaksjon@firdaposten.no

Kontakt oss

Tlf. 57 75 73 00
E-post: redaksjon@firdaposten.no
Besøksadresse: Markegata 65, 6900 Florø
Postadresse: Postboks 38, 6901 Florø

Annonsere?

E-post: annonse@firdaposten.no
Meir informasjon: Marknadsavdelinga

Redaksjon

Ansvarleg redaktør: Svend Arne Vee
Nyheitsredaktør: Arve Olav Solbakken
Tilsette: Redaksjonen

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.