Laurdag 21. juni- Haavebua. Vibeke Saugstad starta med jentebandet Avslørte Bondepiker i Moss, og blei som pur ung frontfigur i Weld tildelt heile framsida i musikkbladet Beat i september 1994. Med sjokolademørk og mykje omtalt stemme og eit fossefall av langt raudt hår, blei ho omtalt som "Norges største rocketalent på gud vet hvor mange år". Mykje har skjedd sidan. Ho er no soloartist, og er klar med si andre soloplate "Overdrive" som kom i handelen 24 mars. Opplev ei av dei få verkelege norske rockedamene på Haavebua laurdag 21 Juni.
Alle bilda er rettsleg verna av opphavsretten. Vidare bruk er ikkje lov utan avtale.