Her blir det mellom anna velkjend musikk av Elton John, Eric Clapton, Andrew Lloyd Webber, innslag frå musicalen Grease, blanda med litt norsk, ei Halvdan Sivertsen-vise og litt Postgirobygget.
– Eit vidt spenn, seier Ingvild Førde Torvanger, talskvinne for koret.
Brandsøykoret har hittil satsa mest på meir klassisk og viseprega kormusikk.
Jubileum
Men no vel dei å kaste seg på den moderne trenden som rir mykje av norsk korrørsle for tida. Anna Milaska er tilbake som dirigent og avløyser ein periode med Kristin Skau. Kulturskulerektor Arne Sunnarvik syter for tonefølgjet på piano. Kai Rønvåg, Ingvild Førde Torvanger og Torunn Hammerseth skal ha korte solinnslag.
Koret har mogna mykje sidan starten for snart ti år sidan. Til hausten blir det jubileum.
– Vi får høyre at vi har god klang og stor musikkglede, svarer Torvanger på spørsmålet om kva som særmerker koret.
Dei har for tida knappe 30 medlemmer, og som dei fleste andre kor i Flora, skulle dei gjerne hatt litt fleire mannsstemmer.
Laurdag varmar koret opp med ein liten felleskonsert med Steinhovden-koret i Steinhovden.