...
Johnny Sælemyr dirigerte både Svelgen songlag (i bakgrunnen) og Flora Bremanger Brass Band. Foto: David E. Antonsen

Nyttårskonsert for fullt hus

Arrangøren måtte sette inn ekstra stolar til alle som ville ha med seg nyttårskonserten i Svelgen samfunnshus laurdag kveld. Etter kvart byrjar Flora Bremanger Brass Band sin nyttårskonsert å bli ein fast tradisjon for mange.

David E. Antonsen
David E. Antonsen Profil E-post
Publisert 09.01.2011 kl 13:22 Oppdatert 09.01.2011 kl 13:23

Tips ein venn på e-post:

...
Knapt plass til fleire i Svelgen Samfunnshus Foto: David E. Antonsen

BILDE: Nyttårs- konsert 2011

...

Det var fullt i Svelgen Samfunnshus til Flora Bremanger Brass Band sin femte nyttårskonert laurdag.

Sjå bilete her!

«Kjempeflott». «Høg kvalitet». «Stor breidde» og «alle tiders konsert».

Slik oppsummerte publikum sjølv Flora Bremanger Brass Band sin Nyttårskonsert laurdag kveld. Og det kan eigentleg ikkje oppsummerast på ein betre måte.

Publikum vart servert eit flott og varierande program av høg kvaltiet. Mellom anna gjennom ei mektig framføring av ein medley av musikk frå Star Wars-filmane, julesongar og ikkje minst popmusikk frå Boney M.

Fast tradisjon

Nyttårskonserten laurdag var den femte konserten på rad for brassbandet, og det vart såleis eit aldri så lite jubileum ut av det som etter kvart har blitt ein fast nyttårstradisjon for folk i distriktet. Så populært har det vist seg å bli, at arrangøren måtte setje inn ekstra stolar

Sjølv var dirigent og primus motor Johnny Sælemyr både stolt og takksam for dei siste fem åra.

– Det har vore ei eventyrreise som har vore positiv frå ende til annan. Interessa for nyttårskonserten har vekse jamnt og trutt. Oppmøtet i dag er formidabelt, smiler Sælemyr.

Mest lese no

...

Ho skal drive fram høgskuleprosjektet

Lokalnytt Tidlegare Måløy Vekst-leiar Kristin Maurstad blir prosjektleiar for subseaingeniør-utdanninga i Florø. Ho tek også over jobben som prosjektleiar får Kystvegen. Les meir

...

Kan bli utan postkontor

Lokalnytt Mindre byar som Florø kan stå på kuttlista når Posten no vil kutte 150 postkontor. Les meir

...

Vil ha ein verkeleg kystveg

Lokalnytt Bygg ein verkeleg kystveg med bruer til Grøneng og Terøy og vidare veg til Botnane med ferje derifrå til Bremanger. Det vil vere i Flora si beste interesse, seier Øivind Fjæreide Les meir

...

Held vakt i Magnhildskaret

Lokalnytt Vegen er open, men Statens vegvesen held dagvakt ved Magnhildskaret for å kunne stengje vegen i tilfelle ras. Det er meldt store nedbørsmengder i dag onsdag og i morgon torsdag. Vegen kan bli stengd på kort varsel. Les meir


Tips oss

Tlf. 57 75 73 03
SMS/MMS: 2097, kodeord "fptips"
E-post: redaksjon@firdaposten.no

Kontakt oss

Tlf. 57 75 73 00
E-post: redaksjon@firdaposten.no
Besøksadresse: Markegata 65, 6900 Florø
Postadresse: Postboks 38, 6901 Florø

Annonsere?

E-post: annonse@firdaposten.no
Meir informasjon: Marknadsavdelinga

Redaksjon

Ansvarleg redaktør: Svend Arne Vee
Nyheitsredaktør: Arve Olav Solbakken
Tilsette: Redaksjonen

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.