Det er lett å kritisere revyen for manglande fornying. Det har underteikna gjort før, så det bruker eg ikkje tid på i år. I staden vil eg rose det som er bra og hoppe bukk over det som er dårleg.
Varemerke
Kontinuiteten har vorte Florarevyen sitt varemerke. Vi er vande til skodespelarane og rollefigurane, og ventar spent på kva som er nytt.
I år er det Anita Solheim Steinset som stikk av med gjævaste skrytet. Ho er ein av to narkoduer på skråplanet som filosoferer over livets harde realitetar. Både Steinset og Tone Mette Blaalid er glitrande. Same kor alvorleg temaet er, vert du riven med av desse to som har humor i tjukke lag sjølv om livet elles er mørkt. Dette er ein svært god sketsj av den sjeldne sorten. Den er heller ikkje berre morosam, men i høgste grad tankevekkjande.
Verft og bad
Ein annan stilrein, enkel og slåande sketsj er den einsame verftsarbeidaren som går rundt i den tome skipshallen med eit dikt han har skrive sjølv. Eit dikt som sluttar når første ordet er unnagjort. Her fortel ein mykje med visuelle verkemiddel, få ord, ein mann, ein kjeledress og ein hjelm. Flott.
Bengt Solheim-Olsen som Pilt og Knut Svendsen, i ein og same person, og Dag Frøyen som Pompel og Selmer, er også kreativt og artig, og Gorgon Vaktmeister/Fredrik W. Gulbranson spelt av Hans Erik Stenseth er urovekkjande likt originalen, altså Gorgon.
Utstråling
Ein anna skodespelar som skal ha skryt for sitt blide og smittande uttrykk er Roy Austbø. Han tilset fleire rollefigurar sjarm og karisma i passe mengder: Mellom anna den russiske ubåtkapteinen, Mulla Krekar og Carl-Erik Lundberg.
Firdaposten liker også godt revygjengen sitt oppgjer med alle sleivkjeftane i Florø som liker å spreie slarv og rykte, og ikkje minst hyllesten til originalane i Sunnfjord. Her gjer Alf Inge Hegrenes ein forbausande god parodi av Oddvar Torsheim.
Ikkje like fint fer Florarevyen åt med Sparebanken Flora-Bremanger og Fjord 1, som begge får passet sitt påskrive.
Surrealisme
Der er også fleire surrealistiske innslag, som den lange kongevitjinga til Kakebua, fødestova og Stensethbua (der Bebbien er spelt av sonen Hans Erik Stenseth), og stilstudiet av toaletta på Morilden/Hjørnevikbua. Eg har sett mange sketsjar frå utestader i byen opp gjennom åra, men denne overgår alt i komplett galskap. Langt over kanten naturlegvis, med "urinering" på scena og på publikum, oppkast og tampongleiting, men regi og innsats gjer også denne til eit høgdepunkt som gjer ilt i magemusklane lenge etterpå.
Heimebane
Jamt over er det ingenting å seie på innsatsen på scena. Også fleire nye skodespelarar som Vibeke Amundsen, Grete Belinda Solberg og Merethe Bortheim, er friske pust. Revysjef Per Øyvind Helle imponerer også i nye roller utan å overdrive tenortalentet, og Kurt Midtbø, som i tillegg til å spele Anders Haave, spelar seg sjølv som taxisjåfør.
Dei heile vert ramma inn av eit proft orkester, passande kostyme og kulissar og elles rett lyd og lys. Tempoet er bra, og revyen flyt. Lydeffektar og songinnslaga løftar stemninga. Til dømes er det visuelle og lydmessige under ubåtsketsjen imponerande.
Florøværingar er opptekne av seg sjølve. Derfor treffer Florarevyen på heimebane igjen. Vi trivst i andedammen med oss sjølve plaskande midt i, og gjerne om vi kan prate drit om nokre andre, eller om dei som har vore med i revyen¿..