Torsdag kveld blir det skikkeleg jentekveld på Nærleiken i Eikefjord, med kunst, kle og kveldsmat.
– Med bildeutstillinga til kunstnaren Julie Narum får vi ei spanande utsmykking av lokala våre, seier Gro Rukan. Julie Narum er kjent for å skape bilde som gir innblikk i ei litt sprø og bisarr verd.
Utstillinga opnar torsdag denne veka.
Det blir ein skikkeleg kosekveld, lovar Rukan. For dette blir ein sosial jentekveld med mat, samvær og sal av haustens prøvekolleksjon frå klesmerka Kaffe og Cream.
- Vi håpar mange tar seg turen til Eikefjord og får glede av å sjå desse bilda, seier Rukan.