...
UTVAL: - Eg har jobba vel eit år med å komme fram til dei 310 bildene, og eg kan love mange er vraka på vegen, seier Fjellestad t.v. Her med førstekonservator Bjørn Fjellheim på Kystmuseet. Foto: Dag Nesbø Frøyen

Florø by før og no

Den siste av fotoutstillingane på Kystmuseet tek føre seg jubileumsbyen i den store vekstperioden.

Publisert 06.09.2010 kl 19:18 Oppdatert 06.09.2010 kl 19:21

Tips ein venn på e-post:


Ingen av fotografane av i dag kan skilte med ein like omfattande fotodokumentasjon på Florø som Are Fjellestad gjennom dei siste 40 åra.

Utstillinga er delt inn tematisk. med kartreferansar til ulike område, som Krokane, Fugleskjærskaia, Havreneset og Strandgata.

Eller det kan vere idrett, kultur, industri og det skiftande vêret her vest. Store hendingar dei siste 40 åra er dessutan rikt dokumentert.

Saman med Bjørn Fjellheim på Kystmuseet held han no på med å bygge opp utstillinga.

Med 310 bilde frå A4-storleik og større har dei måtta montere to nye vegger i auditoriet på museet for å kunne romme heile utstillinga.

Han vil også vise bilde heilt fram til dagen før dørene blir opna. Opninga av paviljongen ved Likkjevatnet er med. Fleire bilde er enno ikkje tekne, men planen ligg klar.

Mest lese no

...

Vil ha kompromiss for Kystvegen

Lokalnytt Hotelleigar Jostein Eimhjellen i Svelgen vil ha endra fjordkryssingsplanane for Kystvegen Ålesund-Bergen. Les meir

...

Selje innfører orkan-trekk i løna

Lokalnytt Selje kommune har bestemt seg for at tilsette som ikkje kom seg på jobb under Dagmar-orkanen, blir trekt i løn. Les meir

...

Kostnadssprekk for Kinnvegen

Lokalnytt Gang -og sykkelvegen kostar dobbelt så mykje som fylkeskommunen har løyvd. - Uaktuelt å vurdere andre alternativ, seier Frank Willy Djuvik i Frp. Les meir

...

Krev ny runde om åttetalsti

Lokalnytt Førre gong åttetalsstien rundt Store- og Likkjevatnet var oppe i Bystyret gjekk konfliktnivået i taket. No ønskjer Arbeidarpartiet ta opp saka att, om enn på ein annan måte enn før. Les meir


Tips oss

Tlf. 57 75 73 03
SMS/MMS: 2097, kodeord "fptips"
E-post: redaksjon@firdaposten.no

Kontakt oss

Tlf. 57 75 73 00
E-post: redaksjon@firdaposten.no
Besøksadresse: Markegata 65, 6900 Florø
Postadresse: Postboks 38, 6901 Florø

Annonsere?

E-post: annonse@firdaposten.no
Meir informasjon: Marknadsavdelinga

Redaksjon

Ansvarleg redaktør: Svend Arne Vee
Nyheitsredaktør: Arve Olav Solbakken
Tilsette: Redaksjonen

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.