4. september opna designaren Torstein Kvenås musikkpaviljongen ved Likkjevatnet med tonar frå ei av sine latinamerikanske trefløyter. – Eg er ein handverkar med kunstnarsjel, seier han.
HAN VAKTAR SEG VEL for å kalle seg arkitekt, men utforminga og konstruksjonen av den nye musikkpaviljongen ved Likkjevatnet tek han æra, og kritikken, for.
– Eg gledde meg vilt til å stå for den kunstnariske delen av opninga og vise fram det eg har jobba for lenge, understrekar han.
Det er torsdag kveld, to dagar før opning, og han held på med siste finpuss på paviljongen og området rundt. Seinsommarsola varmar godt, og lyset spelar opp til dans mellom trekronene langs vatnet.
– Den siste tida har folk valfarta til byggeplassen her. Dersom eg skulle legge dei positive og negative tilbakemeldingane eg har fått på ei vektskål, så ville dei med negativt forteikn bli skotne rett til himmels og forsvinne i dimma, smiler han.
LIKEVEL HAR DEI KRITISKE røystene fått ein del merksemd. Nokre meiner at utforminga og preget er orientalsk, og at paviljongen vil bli eit framandelement. Men Torstein er trygg på det han har skapt.
– Eg forstår ikkje fordommane og tek meg ikkje nær av kritikken. Hugs at vi lever i ein kystkultur, og til alle tider har det vore kulturutveksling over hava. Ein skal leite lenge for å finne noko som er heilt unikt norsk. I dagens samfunn blir impulsar innan musikk, kunst, design og matkultur utveksla med rekordfart, påpeikar han.
DET VAR KJÆRLEIKEN og ein nyfødd son som fekk den travle musikaren Torstein Kvenås frå Grorud i Oslo til å gjere floreværing av seg i 1992.
Han var i runddansen med turnear i Rikskonsertane, studiomusikararbeid og som medlem av den legendariske gruppa Ymstammen, då han braut av det hektiske livet og busette seg på Svanøya.
– Eg tenkte det var muleg å ha base her og reise til og frå spelejobbar rundt om i landet. Men det let seg ikkje gjere verken praktisk eller økonomisk. Det einaste du er sikker på som frilansmusikar er utgiftene, så eg måtte sjå meg om etter jobb med sikker inntekt, forklarer han.
DEN STORE NYTTÅRSORKANEN ordna den første jobben på Svanøya. Tusenvis av kubikkmeter med vindfelt skog skulle hoggast og skipast ut.
– Når det gjeld kva yrke og jobbar eg har vore innom, så er det nesten lettare å skrive om kva eg ikkje har prøvd, ler han. Men det går ein raud tråd gjennom alt.
Han har alltid likt å jobbe med trearbeid. Sjølv i sine travlaste musikarår hadde han ein liten verkstad på si, der han utforma og bygde husmodellar av tre.
Etter å ha flytta til fastlandet og småbyen Florø jobba han etter kvart nokre år som museumshandverkar. Eit interessant arbeid som slitasjeskadar dessverre sette ein stoppar for.
Som ein del av attføringa måtte han utarbeide ein plan for eit nytt yrkesliv.
– EG VILLE VERE GRÜNDER for mi eiga bedrift, og det måtte eg verkeleg kjempe hardt for å få til. Inntrykket mitt er at NAV-systemet aller helst ville ha folk på eit kjapt truckførarkurs og få dei av garde som fort som muleg. Men det er ikkje noko for meg. I staden fekk eg heldigvis teke datakortet og lærte meg eit designarprogram for 3D-konstruksjon. Det har blitt mitt viktigaste verktøy. Eit konkret resultat av det kan dei som kjem og ser på paviljongen få sjå, smiler han.
Kveldslyset har gradvis endra vinkel, og vi flyttar oss til neste solflekk. Vendt mot paviljongen er solide, breie trebenker komne på plass til publikum. Vi ser at mange garantert ikkje vil kunne sjå musikarar og songarar på scena på grunn av greiner som heng i vegen.
– VI HAR VORE I DIALOG med kommunen og Florø Træplantningsselskab om å rydde greiner og felle nokre fleire tre. Men det har vist seg vanskeleg.
– Men, held han fram, eg trur at når folk har vore her på konserten, så vil det bli eit folkekrav at ein må tilpasse vegetasjonen til paviljongen.
Paviljongen har fått vakker taktekking i kopar. Med ei platetjukn på berre 0,6 cm vil det lett oppstå skade dersom greiner blæs ned og treffer taket.
SOLA BLENKJER GULL-BRUNT i dei blanke koparplatene på taket av paviljongen, som like gjerne framkallar assosiasjonar frå ein middelaldersk hobbitlandsby som ein asiatisk pagode.
– Eg likar det organiske. Det runde og mjuke er viktig del av mitt formspråk, forklarer han.
Laurdag 4. september leverer han sitt første signalbygg. Kanskje kjem også det planlagde utkikstårnet i Likkjeåsen til å bli eit signalbygg signert Kvenås.