Når Sirkus Bremanger trør til 30. oktober skal desse to karane styre showet.
Kultfigur, humorist, vokalist (?), musikkjennar og journalist Finn Tokvam er hovudjakta til å leie Sirkus Bremanger i Bremangerhallen 30. oktober. Multimannen frå Flåm, som no bur i eksil i Bergen, har fått med seg Claus Sellevoll på laget. Sellevoll er Hordaland teater sitt nye stjerneskot, og med dei to i front blir det infam Vestlandshumor på sitt beste.
Ifølgje medarrangør Svein Arild Vatsø kjem dei to til å ta sirkusnamnet på ramme alvor, og vil leggje lista der ho høyrer heime når dei begge gjer sin første jobb som sirkusdirektørar.
- Det er ein gigantisk bygdefest vi no snart er klare med, og eg er overtydd om at vi sel ut Bremangerhallen i oktober, seier Vatsø.
Den sterkt filminteresserte Vatsø har sjølvsagt også fått gode krefter med på laget når det gjeld å dokumentere kulturstorhendinga. Heile showet vil bli gjort i fleirkameraproduksjon i regi av medialinja på Høgskulen i Volda.
- Det vil nok nesten bli som direktesendt TV, og muligens kan det bli ein DVD ut av det heile, håpar Vatsø.
Billettsalet til Sirkus Bremanger er allereie godt i gang.