...
Frå tidlegare Eikefjord-dagar. Foto: Dag Nesbø Frøyen

Eikefjord klar til dyst

EIKEFJORD: Grendelagsleiar Anders Ole Sunnarvik let seg gjerne løfte i lyktestolpar som eit signal om at grendelaget satsar som aldri før på Eikefjorddagane.

Olav Hatlemark E-post
Publisert 11.08.2010 kl 10:32 Oppdatert 11.08.2010 kl 11:24

Tips ein venn på e-post:

...
KLARE: Nesten klare med den store Eikefjordfesten, styret i grendelaget, har løfta leiaren, Anders Ole Sunnarvik til dei store høgder. Nede frå venstre: Magnar Sunnarvik, Erling Nes, Marianne Ullaland Knapstad og Iris Svarthumle Agledal. Ikkje på bildet: Margunn Tonheim og Silje Standal. Foto: Olav Hatlemark

– Vi har eit meir rikhaldig program enn vi har hatt nokon gong. No kan berre vêret øydelegge for oss hevdar bygdas største optimist ei god veke framfor neste helgs store arrangement.

Dei har rimeleg bra kontroll men må legge inn fleire møter før storhelga.

Fredagen

Eikefjorddagane startar tradisjonelt og det til og med på ein fredag den 13. Då skal dei gjere litt ekstra stas på Eikefjord- songen til Silje Fraas med allsong. Nærleiken opnar kunstutstillingar. Og bygdas eige «Koriander» skal syte for konserten i kyrkja, solid styrkt med Frøydis Grodrud frå «Bit for bit». Bremangarane Grete Berntsen som solist, Jarle Grotle, Laila Beate Førde og bygdas eigen Steinar Karlsen.

Laurdag

Sunnarvik ventar ekstra mykje av Johan Trygve Solheim showet under marknaden laurdag. Der skal eksperten vise partering av hjort. Ikkje minst til stor interesse for dei mange damene i bygda som har fatta interesse for hjortejakt i seinare tid, alt i følgje grendelagsleiaren. Han har og lokka Sunnfjords eigen Stand up og radiohelt Ole Johan Øvretveit til bygda og kanskje ei ny bjørnejakt. Fleire overraskingar kan ventast av litt meir ukjende Sølve Fugleseth frå Molde og Jesper Edvardsen frå Naustdal som har laga ei eiga framsyning om pietisten og predikanten Hans Nilsen Hauge, og morosamt skal det også vere. Bygdas fremste mjølkespannkastar og drusar av ball skal kårast, sikkert også med sjanse for besøkande til å prøve. Dessutan vert det mykje kjekt for barna med riding, radiostyrte bilar og ansiktsmåling.

Og kvelden lokkar med dans til Spik Adel i Langedalsbua.

Søndagen

Søndagen kjem med gudsteneste på stranda, mykje mat og besøk av seglskuta Svanhild. Og ikkje minst kjoleparade i sentrum med eigen seksjon med brudekjolar.

Her må vi nytte sjansen til å be alle damer i bygda som har brudekjolar liggande om å ta dei fram av skapa, skyt Iris Svarthumle Knapstad inn, før leiaren held fram med ein dose om mål og meining med det heile.

– Det store målet med Eikefjorddagane er å vise denne flotte bygda frå si beste side. Vise fram dei gode tilboda, styrke banda, få fleire til å få lyste til å flytte heim og tilreisande til å slå seg ned. Dette er ei ekstra viktig tid for bygda med skulen som vi alle trur kjem og det store byggefeltet som er i emning, seier Sunnarvik

Det er nok ikkje tilfeldig at dei har satsa på siste helga i ferien før mange ungdommar i bygda reiser ut for å studere.

Mest lese no

...

Mann i 70-åra funnen død i båt ved Stabben fyr

Lokalnytt Politiet fekk 09.58 melding om ein båt som dreiv i ring ved Stabben fyr i Florø. Om bord fann meldar ein livlaus mann. Les meir

...

Førde vann prestisjeoppgjeret

Lokal fotball Førde scora kampens einaste mål i ein kamp som blei overskygga av ein stygg hovudskade på Florø-kaptein Andre Reksten Les meir

...

Irlands største folkrockband til Florø

Lokalnytt 17. mars spelte dei for Obama i Det kvite hus. 15. juni står dei på scena på Haavebua. Les meir

...

Toppoppgjer på stadion

Lokal fotball Sunnfjord-rivalar i storform møtast til klassisk 16.mai-kamp. Blir det ein ny folkefest? Les meir


Tips oss

Tlf. 57 75 73 03
SMS/MMS: 2097, kodeord "fptips"
E-post: redaksjon@firdaposten.no

Kontakt oss

Tlf. 57 75 73 00
E-post: redaksjon@firdaposten.no
Besøksadresse: Markegata 65, 6900 Florø
Postadresse: Postboks 38, 6901 Florø

Annonsere?

E-post: annonse@firdaposten.no
Meir informasjon: Marknadsavdelinga

Redaksjon

Ansvarleg redaktør: Svend Arne Vee
Nyheitsredaktør: Arve Olav Solbakken
Tilsette: Redaksjonen

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.