1300 ekstatiske ungar under eitt tak, og minst like mange desibel: Onsdag var alle barneskuleungane i Flora kommune samla til ein heidundrande jubileumsfest i storhallen.
– Balder! Balder! Balder!, rungar det mellom veggene i storhallen.
Folkeskulen og rapparen Xzwer har nett gått av scenen. 1300 refleksvestkledde ungar er i ekstase.
Og dei veit kva dei vil høyre. For det er Balder Belsvik dei vil ha på scenen. For andre gong i løpet av ettermiddagen. Dei krev at han syng sin «Florø by» på nytt saman med Folkeskulen.
Refleksvestane fyk i lufta. Borna jublar og klappar. Dette er fest.
Og det er ein nærast sjokkert Balder Belsvik som ruslar noko nølande ut på scenen og syng. – Og det største «barnekoret» som har vore i Florø nokosinne, stemmer i for full hals.
– Dette er jo heilt vilt. Skikkeleg kult! Eg hadde aldri trudd at så mange kunne songen, smiler den unge artisten etter da capo-nummeret.
Halv ti byrja festen med leikar ute på grasbana ved storhallen: 17. mai-leikar som kast på boks, kaste piler på ballongar og sekkeløp, men også meir uvanlege leikar og dess meir populære leikar som limbo og putekrig.
I tillegg var det utstilling, og song ved mellom fleire storskulen ved Florø barneskole, 1. og 7. klasse ved Krokane skule og fellessong av «1860» skriven av Vidar Nupen.