– Eg har eit spesielt forhold til Florø. Det sa Åge Aleksandersen, som fekk den store æra å vere jubileumsgåva.
Det var GDF Suez som sponsa denne jubileumsgåva. Og det var ei oppleving både publikum og dei på scenen sette stor pris på: Dei over tusen florøpublikumarane fordi dei fekk ein heidundrandes konsert med mange gode, gamle balladar og rockelåtar. Åge Aleksandersen og Sambandet, på grunn av den varme mottakinga frå florøpublikumet. Her var han nesten på heimebane.
– Eg har eit spesielt forhold til Florø. Det har eg hatt heilt sidan tidleg på 70-talet då eg spela i Prudence. Eg har mange gode vener her, sa Åge Aleksandersen frå scenen før konserten byrja.
Under konserten fekk publikum servert fleire tidlause Åge-klassikarar som «Din dag», «Mykje lys og mykje varme», «Rosalita», «Fire pils og ein pizza».
Åge Aleksandersen og Sambandet valde på førehand å starte turneen sin her i Florø.