Kring tusen små og store stima til torget i Sildebyen Florø, under den offisielle markeringa av 150-års jubileet.
Og regnet som byrja falle like etter at kostymeopptoget var over, la på ingen måte ein dempar for dei feststemte Florøværingane.
Det var Florø Storband som på sitt sedvanlege spenstige vis opna kalaset på torget denne laurdags ettermiddagen. For høvet med bandet sin nye vokalist Leif Helge Sande i front.
Deretter var det tid for den offisielle delen av 150-års markeringa. Fylkesordførar Nils R. Standal og ordførar Bente Frøyen Steindal heldt sine talar, før Fridtjov Urdal kom med sin "Prolog til Florø by".
Etter dette var det fleire kulturinnslag, mellom anna glimrande song frå Maren Sunnarvik, flott song frå ungane i Jonas i jungelen. I tillegg vart alle som fylte år 16. mai kalla opp på scenen. Jomentum sette eit verdig punktum for dagen med framføringa av Florøsdangen frå "Musikk og kjærleik ved paviljongen".