– Det første store russetreffet i Florø har vore ein suksess, trass i labert oppmøte på konsertane. Det seier festsjef i Russestyret Helle Løken.
Det såg lenge stygt ut for det første russetreffet i Florø laurdag. Eit par timar før Luxus Leverpostei og det svenske rølpebandet Kobojsarna entra scenen på torget, var det ikkje mange russebilar å sjå på treffplassen utanfor Idrettssenteret.
Lite oppmøte på konsertane
Men det kom seg. Og det brått. I løpet av kort tid vart plassen meir eller mindre full av russebilar og russ frå heile fylket.
Men det vart ikkje det aller største oppmøtet under konsertane på Torget. Nokre hundre russ hadde møtt opp.
Men festsjefen grin likevel ikkje på nasen over det labre oppmøtet.
– Til å vere første gongen vi arrangerer eit slikt treff, er eg svært nøgd med oppmøtet på konsertane. Dette vil ta seg opp, etter kvart som russetreffet i Florø blir meir innarbeidd, seier Helle Løken og held fram:
LUXUSSTEMNING: Luxus Leverpostei sette stemninga opp eit par-tre hakk under russekonserten laurdag. Foto: David E. Antonsen.
OK OPPMØTE: Nokre hundre russ hadde møtt opp til konserten. Foto: David E. Antonsen.