Sjå opptog av flotte kostyme under byfesten i Florø sentrum den 16. mai. Mobilvideo av Jan Roar Hatlem
Det var oppmøte i sentrum på linje med 17. mai då Florø vart feira med kostymeopptog på jubileumsdagen 16. mai. Her kunne jubileumskomiteen smykke seg med at dei har evna å skape engasjement om 150 års feiringa.
Det var alt fra dei mest forseggjorte kjolane ein kan tenke seg til dei meir humoristiske bidraga i klesvegen å sjå. Opptoget som paraderte bygatene var ei oppleving for dei som såg på og kanskje spesielt for dei marsjerande. Florøfolk viste stor entusiasme for byen sin, og dette kom tydeleg til uttrykk med eit slikt rikt oppmøte.
Politiet førte an
Til liks med borgartoget 17. mai var det politiet som førte opptoget gjennom bygatene. Politioverbetjent Stig Inge Hauge og politistasjonssjef Robert Veseth leda prosesjonen. Ein gammal svart Volvo PV-politibil forklarte at dette var ein prosesjon med historisk sus over seg. Bak rattet sat også ein historisk korrekt kledd politibetjent Einar Vereide.
Etter politiet bar tidlegare gymnasrektor og lokalhistorikar Bjarte Sindre fana med dei tre skråstilte sildane. Han vart flankert av søstrene Marie og Anna Horne Totland. Dei bar den originale jubileumsdrakta i frå 1960 den gongen Florø vart 100 år.
Forseggjort
Folk hadde verkeleg gjort seg flid med kostyma noko publikum langs bygatene kommenterte under vegs. Her var det storslagne kjolar bore av vakre kvinner. Og dei herskaplege menn ved sida lot kvinnene skine. Men det var også dei som hadde like forseggjorte kostymer meir nytta av klassane under borgarskapet. Fantasien var stor og dei som gjekk i toget vise i smil og vink glede over å vere med. At så mange stilte opp overraska likevel positivt. Det tyder på at folk i Florø er glade i byen sin.
I toget spelte både Florø Skoles Musikkorps og Florø Hornmusikk. Sistnemnde hadde også selskap av jentene i den nystarta drilltroppen «Florø Drill». Eit verkeleg festlig tilskot som laga liv gjennom gatene.
Kor går vi?
Kor toget skulle gå forvirra nokre. Det var dei som benka seg i vannvegen slik ein plar for å sjå 17. mai toget passere. Jubileumstoget derimot gjekk rett vest i frå Florø barneskole. Ut Hans Blomgata (Skolegata) - ned Livius Smith gt. og vestover Markegata med retur Strandgata til Torget.
Her samla folket seg der det vart servert fødselsdagskake til ære for jubilanten. På scena sat Florø Storband og stod for stemninga. Sjølv om regnet dryppa meir og meir verka ikkje det å prege gjestene. No skulle byen hyllast i eit kjent vêr.