...
FRAM OG UT I LYSET: Har du lyst til å stå tradisjonell brud, med brudekrone og brudedrakt? No har du høvet. Husflidslaget, her ved Britt Madsen (t.v.) og Kystmuseet ved Berit Høivik samarbeidar no om å bringe denne biten av historia fram i lyset att til byjubileet. Og dei treng brudepar. Foto: David E. Antonsen

Lyst til å stå kronebrud?

Vel, no har du sjansen. I høve byjubileet har nemleg Florø husflidslag og Kystmuseet samarbeidd om å lage ei brudedrakt som matchar brurekronene som står på museet.

David E. Antonsen
David E. Antonsen Profil E-post
Publisert 16.04.2010 kl 09:09 Oppdatert 16.04.2010 kl 09:09

Tips ein venn på e-post:

...
Foto: David E. Antonsen

– Vi i husflidslaget ønskte å gjere noko i samband med byjubileet, men var først usikker på kva vi skulle finne på. Det seier leiar i husflidslaget, Britt Madsen.

Løysinga fann flidsdamene i ei unik, lokal brudedrakt inspirert av sunnfjordbunaden. Den hadde liggje urørt i eit bankkvelv i 20 år, uferdig. Til no er berre forkledet og stakken ferdig sydd, medan det står att å lage til den tilhøyrande jakka.

Husflidslaget håper at dei har ei komplett drakt ferdig til sjølve jubileumsdagen. Innan den tid skal også kystmuseet restaurere og reinse brurekrona; den fleire hundre år gamle «Rylandskrona» frå Bremanger. Drakta og Rylandskrona skal stillast ut saman på Kystmuseet i høve byjubileet.

Men det stoppar ikkje der. Husflidslaget har hatt fleire førespurnader frå kvinner som har lyst til å stå kronebrud. No gjev dei brurepar i jubileumsåret ein unik sjanse.

– Vi synest det hadde vore kjekt å fått eit jubileumsbrurepar til å bruke både drakt og krone under sitt bryllaup, seier Madsen.

Men det blir nok ikkje høve til å bruke Rylandskrona til dette føremålet. Om ein ønskjer det går det an å leige ei anna, dog ikkje fullt så gamal brurekrone, opplyser Kystmuseet.

Mest lese no

...

MGP-crewet "kjøyrer" Toyota

Lokalnytt Då elevane ved Innvandrarsenteret i Flora las på bilane Toyota Førde har lånt til MGP-crewet denne veka, stussa dei på kva det ukjende ordet "kjøyrer" betydde. Få timar seinare hadde bilfolket retta opp nynorsk-fadesen. Les meir

...

Her går det gale for kjettinglaust vogntog

Lokalnytt Utanlandske vogntogsjåførar held fram med å skape vanskar. Les meir

...

God innspurt i billettsalet

Kultur To dagar før MGP-sirkuset tek av i Florø, er det selt rundt 2200 billettar. Les meir

...

Sju trafikkuhell torsdag

Lokalnytt Torsdag var det sju trafikkuhell i Sogn og Fjordane. Eit av desse var i Florø. Les meir


Tips oss

Tlf. 57 75 73 03
SMS/MMS: 2097, kodeord "fptips"
E-post: redaksjon@firdaposten.no

Kontakt oss

Tlf. 57 75 73 00
E-post: redaksjon@firdaposten.no
Besøksadresse: Markegata 65, 6900 Florø
Postadresse: Postboks 38, 6901 Florø

Annonsere?

E-post: annonse@firdaposten.no
Meir informasjon: Marknadsavdelinga

Redaksjon

Ansvarleg redaktør: Svend Arne Vee
Nyheitsredaktør: Arve Olav Solbakken
Tilsette: Redaksjonen

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.