Denne helga er siste sjanse til å få med seg Jomentum sin eigen Florø-musikal, «Musikk og kjærleik i paviljongen».
– Vi har stramma inn ein del på musikalen, og omredigert etter nøye vurdering. Så vi håpar den er enda betre no enn i februar, seier Jomentum-dirigent og musikalforfattar Siv Førde.
Musikalen bygger på fortellingar frå eldre florøværingar. Alle dei små og store historiene som vert presenterte og namna som vert brukt, er ekte.
Som frå krigen, då florøværingar sneik seg ut med matpakker innpakka i avispapir som dei stakk til dei russiske krigsfangane.
Sjølv om personane vi følgjer gjennom hovudtråden i historia, Malene (Kristin Orre) og Per (Bård Melvær), aldri har eksistert, så er historia henta frå verkelegheita.
Som ei vaksen dame som såg musikalen i vinter sa:
«Eg trudde eg skulle på ein korkonsert, og så var det jo heile livet mitt eg fekk servert!"».
Songarar i alle aldrar deltek, og ein god del av dei 60 songarane som står på scena i samfunnshuset er frå 4-5 år og oppover.
Barnekoret viser mellom anna barnesongleikar som dei brukte å leike i florøgatene i gamle dagar.
Inntekta frå musikalen går til paviljongen Jomentum skal føre opp ved Likkjevatnet.