Nyopning med konsert

Five Men in a Boat kjem tøffande til Flåm laurdag.

Publisert 10.03.2010 kl 19:54 Oppdatert 10.03.2010 kl 19:56

Tips ein venn på e-post:

...
FOLKEMUSIKK: Norge, Frankrike og England er representert i Five Men in a Boat. Foto: Pressefoto

I samband med at Flåmsbrygga Hotell i Flåm inviterer til nyopning på Flåmstova Restaurant på Furukroa laurdag 13. mars, har dei vore så heldige å få folkemusikkgruppa Five Men in a Boat til å spele i Ægir Bryggeri.

Gruppa er denne veka ute på turné og avsluttar i Flåm etter konsertar i Oslo (torsdag) og Fredrikstad (fredag).

- Dette vert ein spesiell dag for oss, seier Anny Hegrenes, resepsjons- og bookingsjef ved hotellet.

- Vi er spente framfor opninga av Flåmstova som no står fram med heilt ny stil. Og eg kan love ein stor buffet, med nye og spennande smakar, legg ho til.

Og når Five Men in a Boat går på scena i Ægir, er det fem markante folkemusikkartistar frå tre forskjellige land som har tatt hyre om bord i den same båten. Då må det berre bli tunge dønningar.

Til saman har gruppa ein kulturell ballast heilt utanom det vanlege, med stor formidlingsevne i tillegg.

Norge er representert i Five Men in a Boat med folkesongaren Frode Nyvold og verdsbergensaren Gabriel Fliflet. Dei må reknast som nestorar i det norske folkemusikkmiljøet.

Emmanuel Pariselle og Didier Oliver er blant Frankrikes fremste aktørar, og dei kan ause frå eit enormt repertoar av songstoff og dansemusikk.

Den femte i båten er engelskmannen Richard Burgess som i mange år har overført Storbritannias maritime songskatt til norske tilhøyrarar.

Mest lese no

...

Vil ha kompromiss for Kystvegen

Lokalnytt Hotelleigar Jostein Eimhjellen i Svelgen vil ha endra fjordkryssingsplanane for Kystvegen Ålesund-Bergen. Les meir

...

Selje innfører orkan-trekk i løna

Lokalnytt Selje kommune har bestemt seg for at tilsette som ikkje kom seg på jobb under Dagmar-orkanen, blir trekt i løn. Les meir

...

Kostnadssprekk for Kinnvegen

Lokalnytt Gang -og sykkelvegen kostar dobbelt så mykje som fylkeskommunen har løyvd. - Uaktuelt å vurdere andre alternativ, seier Frank Willy Djuvik i Frp. Les meir

...

Krev ny runde om åttetalsti

Lokalnytt Førre gong åttetalsstien rundt Store- og Likkjevatnet var oppe i Bystyret gjekk konfliktnivået i taket. No ønskjer Arbeidarpartiet ta opp saka att, om enn på ein annan måte enn før. Les meir


Tips oss

Tlf. 57 75 73 03
SMS/MMS: 2097, kodeord "fptips"
E-post: redaksjon@firdaposten.no

Kontakt oss

Tlf. 57 75 73 00
E-post: redaksjon@firdaposten.no
Besøksadresse: Markegata 65, 6900 Florø
Postadresse: Postboks 38, 6901 Florø

Annonsere?

E-post: annonse@firdaposten.no
Meir informasjon: Marknadsavdelinga

Redaksjon

Ansvarleg redaktør: Svend Arne Vee
Nyheitsredaktør: Arve Olav Solbakken
Tilsette: Redaksjonen

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.