Ein av norgeshistorias mest omstridde romanar er no blitt teater.
Torsdag 18. mars kjem Riksteatret til Florø med stykket Sangen om den røde rubin.
I siste halvdel av 50-talet hadde alle eit forhold til «Rubinen», og historia om Ask Burlefots søkande reise inn i vaksenlivet blei lest i smug under dyna over heile Norge.
Å gi scenisk liv til Agnar Mykles kjente roman er inga lita utfordring.
I Riksteatrets sceneversjon speler Mattis Herman Nyquist Ask Burlefot, og hans Embla vert spelt av Line Verndal frå NRKs Himmelblå.