I påska vert det audition for Sirkus Bremanger.
Sirkus Bremanger, det store prosjektet til Aktiv Kalvåg og Bremanger Musikklag, inviterer no lokale talent til å melde seg på til audition.
Om du har spesielle evner innan musikk, dans, sjongleri, song, tryllekunst eller kanske har sansen for det komiske, kan du bli ein av aktørane under den store bygdefesten i Bremangerhallen 30. oktober.
I påska, 31. mars og 1. april, vert det halde audition høvesvis i Svelgen (samfunnshuset) og på Hauge skule.
Ane Jørgine Frøyen, Lisa Melvær Giil og Grete Berntzen sit i juryen og skal vurdere dei potensielle talenta, som ønskjer å opptre på ei stor scene.