Neste helg kjem Unni Løvlid til Eikefjord for å halde kvedekurs.
Helga 12-14 mars har Nærleiken – slipsmuseum, kaffibar og sjelevarmar - vore så heldige å få Unni Løvlid til å halde eit kurs i folkesong i Eikefjord.
– Kurset med Løvlid kjem utan tvil under vårt viktigaste satsingsområde; nemleg å vere ein ”sjelevarmar” i lokalsamfunnet, seier innehavar Gro Rukan.
Kurset går over 3 dagar og vert avslutta med ein felles kyrkjekonsert i Eikefjord kyrkje.
- Det er enno nokre ledige plassar på kurset, fortel Rukan, men interessa er stor, så dei som vil delta må vere raske til å ta kontakt.
Folkesongaren Unni Løvlid frå Hornindal er ei av Noregs mest markante folkemusikarar; tru til folkemusikken, men likevel nyskapande. I 2006 vart ho utropt til Årets Folkemusikkartist.
Løvlid har gjort fleire CD-utgivingar, både som soloartist og i lag med andre.
- Unni Løvlid er ein kvedar eg har vore begeistra for i mange år. Både stemma hennar og den energien ho syner frå scena gjer ho til ein artist i særklasse, seier Rukan.
- Eg er overtydd om at kursdeltakarane har mykje godt i vente, legg Rukan begeistra til.
Og alle som vil høyre resultatet av kurset bør få med seg konserten i Eikefjord kyrkje sundag 14. mars.