Det tek tid å ta seg ned etter ei imponerande premiere.
Ho leia spelet om paviljongen, dirigerte Jomentumsong, spelt og song igjen for 5-600 i Flora samfunnshus, feira 20 års jubileum for koret, og landa kampen for å få godkjening for å sette opp att den gamle paviljongen på dei gamle tuftene ved Likkjevatnet.
Sanneleg ei stor veke for dirigent Siv Førde i jubileumsåret. Eit imponerande løp og løft og spor som vil vare. Det skal mot til å skrive og sette opp eit lokalt kjærleiksdrama på ramma av 100 års songskatt, og føre det i hamn med aktørane ho har dirigert i 20 år.
Imponerte gjorde også dei to som hadde hovudrollene. Nærværet på scena til Kristin Orre, og spelegleda og sonkrafta til Bård Melvær. Einaste innvendinga er at oppsettinga kunne ha tent på litt innstramming.
Dei som let OL få overtaket og ikkje kom seg på samfunnhuset denne gongen, får ein siste sjanse i april. Og delar av stykket vil heilt sikkert leve vidare som ein del av Floras kulturelle arv etter jubileumsåret.