Korleis var dagleglivet i Florø før? Det får du svar på i Flora samfunnshus fredag og laurdag. Då går nemleg den første florømusikalen av stabelen.
Dei av oss som har tinga oss billett får fredag høve til å sjå eit stykke kulturhistorisk engasjement, noko utanom det vanlege. Då er det nemleg premiere på Jomentum sin musikal «Kjærlighet og musikk i paviljongen».
– No er vi veldig oppglødde før premieren på fredag. Vi øver og øver, for det er ein heil del som skal i boks til premieren. Men vi er i rute, fortel arrangør Siv Førde i Jomentum.
Ein god del av dei 60 songarane som står på scenen i samfunnshuset er frå 4 til 5 år og oppover. Og små, rastlause og spente songarar har sine utfordringar å jobbe med framføre premieren, fortel Førde vidare.
– Det er det store spenningsmomentet ved premieren. Ein veit aldri heilt kva dei kan finne på på scenen, her kan alt skje, ler ho.
Men dei små koristane har verkeleg stått på og teke sin del av musikalen, legg Førde til. Barnekoret terpar og terpar no på barnesongleikar som dei brukte å leike i florøgatene i gamle dagar. Einskilde av dei speler også små roller som florøværingar, som i historisk forstand langt frå er oppdikta.
Ekte florøhistorier
For det er det genuine, det ekte, som ligg bak heile stykket. Sjølv om personane vi følgjer gjennom hovudtråden i historia, Malene (Kristin Orre) og Per (Bård Melvær), aldri har eksistert, så er historia henta frå verkelegheita.
– Den historia byggjer på forteljingar frå eldre florøværingar vi har snakka med. Alle dei små og store historiene som vert presenterte, og namn som vert brukte, er ekte, seier Førde.
Som frå krigen, då florøværingar sneik seg ut med matpakker innpakka i avispapir som dei stakk til dei russiske krigsfangane.