«Fame»-gjengen på Torvmyrane er no svært nær premieren.
Og dei er i ferd med å selje ut samfunnshuset to gonger.
Klokka er knapt ti måndag morgon. Dei myndige instruktørane Hilde Amundsen og Åse Saunes vinkar, dirigerer, kommanderer og tek tida med stoppeklokke.
Midt mot dei står 300 småstjerner i djup konsentrasjon. Kjende musikaltonar trillar ut av ghettoblasteren, og presist på slaget dreg ungane til av full hals, så taket på gymsalen nesten løftar seg:
Her bidreg alle etter evne, og smakebiten vi fekk høyre måndag lovar så godt at det ikkje bør vere berre foreldre og besteforeldre som inntek samfunnshuset førstkomande torsdag.
Måndagens økt var den aller siste på kjend grunn. Nesten gong er det full gjennomkøyring i samfunnshuset, før det brakar laust med to framsyningar torsdag ettermiddag.
Lokal fotball Florø sportsklubb gjorde det bra under innefotball-kvaliken til krinsmeisterskapen. Les meir