Juryen har no talt, og sendt desse unge lovande vidare til fylkesmønstringa:
– Det har vore ein vanskeleg jobb.
Det påpeikar lokaljuryen i UKM 2010, som gjekk av stabelen i Florø laurdag.
For det var mange gode innslag, både av bilete og sceneinnslag, skriv dei vidare. Dei ser også fram til å sjå utviklinga til utøvarane.
– Og vi håper å sjå dei att på neste UKM, avsluttar dei.
Her er dei juryen sender vidare til fylkesmønstringa:
Scenekunst:
Utøvar 5: Susanne Odijk Solbakken – "Nova". Juryen peikar på god komposisjon og at utøvaren viser god forståing for musikk, og har god kontroll over det ho vil uttrykkje.
Utøvar 6: Ida Katrine R. Brekken – "Would you". Juryen meiner dette var ei veldig fin låt. Utøvaren har laga ein god tekst og melodi som ho framfører med innleving.
Utøvar 11: Demolition Crew – "Valkyrie". Tøff og stilrein metal, meiner juryen. Utøvarane er trygge på kva dei gjer, men dei ulike instrumenta bør tenkje på å gje kvarandre litt rom.
Utøvar 12: Senseless Apprentice – "Avoid Infinity". Juryen peikar på at bandet gjer seg bra på scena. Låten er fin og dynamisk, men ein treng noko pussing på overgangane.
Utøvar 13: Tinitus – "Mosquito". "Friskt pust!", skriv juryen. Jamt og godt samspel. Bandet skapar god stemning og lagar show på scena.
Utøvar 17: Oda, Synne & Gina – Thriller. Juryen meiner innslaget har ein original byrjing. Gruppa skapar dramatikk og tolkar Michael Jackson på ein framifrå måte, men bør tenkje litt på synkronisering.
I juryen: Magne Johan Eide, Martin Malkenes, Sanja D. Qattawi, Anders Alvaro Nydal, Synne Sunde.
Utstilling:
Utøvar 4: Jill Catrin Strømsøy – "Pansergjerde" (foto). Fin komposisjon, skriv juryen. Innbyr til assosiasjon med akkurat nok informasjon.
Utøvar 5: Mariann Husebø Midtbø – "Mammut" (måleri). Juryen meiner måleriet rett og slett var kult. "Minus og minus blir pluss", skriv dei vidare. Måleriet har ein merkeleg djupn som fattar interesse. Eit av dei beste «mammut på ski»-bileta juryen har sett.
Utøvar 5: Mariann Husebø Midtbø – "Kvinne ved hav" (måleri). Juryen peikar på fin djupneverknad og flott fargeval. "Får lyst til å gå vidare inn i bildet", skriv dei vidare. Bra komposisjon.
Utøvar 6: Matilde Maardalen – "Den blåe dame" (måleri). Uttrykksfullt og fine detaljar. Her er nytta spennande verkemiddel som fungerer, skriv juryen.
Video:
Silje H. Sunnarvik, Heidi Elisabeth Bjørdal, Ida Fjeld og Silje Åteigen – "Årstider" (animasjon). Juryen meiner videoen var leiken, kreativ og viser årstidene tydeleg. Enkelt og verknadsfullt.
I jury: Eva Andersson og Dag Frøyen.