Laurdag kveld fekk vi sjå eit vidt spenn av artistar og sjangrar under Ungdommens Kulturmønstring (UKM) i Flora samfunnshus.
Det var langt fleire deltakarar med på årets kulturmønstring, samanlikna med året før. På laurdag var litt under 60 deltakarar fordelt på 13 sceneinnslag, 15 utstillingsgjenstandar og ein animasjonsvideo representert.
Sommarfuglar
Og det var nok minst ein sommarfugl i magen for kvar av dei 66 artistane, som seg hør og bør under UKM. Ei av dei som var nokså nervøs før ho skulle opp på scenen var Moa Lovise Lindgren (12).
– Eg grua meg noko forferdeleg før eg gjekk opp på scenen, men så vart det kjekt, seier ho etter at ho har gått ned frå scenen.
Då hadde ho trollbunde publikum med ei gripande, klokkeklar framføring av «Somewhere over the rainbow».
Ganske variert
UKM handlar om å få vise verda kva ein er interessert i, og kva ein beherskar av kunstneriske ferdigheiter. Og dette er så varierande som det kan bli, skal ein dømme ut frå innslaga på scenen i samfunnshuset laurdag. Der fann vi alt frå heavy metalrockarar i Zorro-kostyme, til vakre rockeballadar.