...
Breakdance er kult, seier bak f.v. Ole Henrik Sundal (11), Steffen Brandsøy (12), Matias Eikås (12) og Kristian Woxholt (framme). Dei bruker store deler av fritida si på å øve seg og lære nye triks. Foto: David E. Antonsen

– Dritkult sjølv om det er dans

Mange gutar trur dans er ei jentegreie, og speler heller fotball. Men då går dei glipp av noko.

David E. Antonsen E-post
Publisert 31.01.2010 kl 17:30 Oppdatert 31.01.2010 kl 20:46

Tips ein venn på e-post:

...
Dans er også for gutar! Det meiner denne gjengen, som søndag var på breakdance-kurs i Samfunnshuset. Foto: David E. Antonsen

BILDE: Breakdancekurs

...

Breakdance er ikkje for pyser. Det viste dei 23 deltakarane under søndagens breakdancekurs.

Sjå bilete her

Det vart bevist søndag, då Dans utan grenser arrangerte breakdance-kurs i Samfunnshuset. – Berre for gutane.

– Det er noko med musikken, triksinga og dei vanskelege bevegelsene som gjer at eg diggar breakdance.

Det seier Matias Eikås (12). Saman med kompisane Kristian Woxholt (11), Ole Henrik Sundal (11) og Steffen Brandsøy (12) breakar dei så armar og rygg verker. Men klage gjer dei ikkje.

– Breakdance er kult. Eg har dansa breakdance i to år. Det byrja med at eg såg nokre breakdance-filmar på Youtube, og gjekk ut i hagen og prøvte det dei gjorde på filmane. Sidan då har eg øvt mykje, legg Kristian til.

Dei 23 gutane som deltok på kurset, nokre for første gong, andre litt meir rutinerte, er eit høgst velkommen tilskot til dansemiljøet i Flora.

– Breakdance er dritkult, sjølv om det er dans. Men det er dessverre altfor få gutar som driv med dansing i Florø. Med dette kurset prøver vi gje ein smaksprøve – ein smaksprøve som skal gje meirsmak.

Det seier Bjørnar Tresnes Vårvik, ein av dei tre unge instruktørane frå Dans utan grenser.

Mest lese no

...

Vil ha kompromiss for Kystvegen

Lokalnytt Hotelleigar Jostein Eimhjellen i Svelgen vil ha endra fjordkryssingsplanane for Kystvegen Ålesund-Bergen. Les meir

...

Selje innfører orkan-trekk i løna

Lokalnytt Selje kommune har bestemt seg for at tilsette som ikkje kom seg på jobb under Dagmar-orkanen, blir trekt i løn. Les meir

...

Kostnadssprekk for Kinnvegen

Lokalnytt Gang -og sykkelvegen kostar dobbelt så mykje som fylkeskommunen har løyvd. - Uaktuelt å vurdere andre alternativ, seier Frank Willy Djuvik i Frp. Les meir

...

Krev ny runde om åttetalsti

Lokalnytt Førre gong åttetalsstien rundt Store- og Likkjevatnet var oppe i Bystyret gjekk konfliktnivået i taket. No ønskjer Arbeidarpartiet ta opp saka att, om enn på ein annan måte enn før. Les meir


Tips oss

Tlf. 57 75 73 03
SMS/MMS: 2097, kodeord "fptips"
E-post: redaksjon@firdaposten.no

Kontakt oss

Tlf. 57 75 73 00
E-post: redaksjon@firdaposten.no
Besøksadresse: Markegata 65, 6900 Florø
Postadresse: Postboks 38, 6901 Florø

Annonsere?

E-post: annonse@firdaposten.no
Meir informasjon: Marknadsavdelinga

Redaksjon

Ansvarleg redaktør: Svend Arne Vee
Nyheitsredaktør: Arve Olav Solbakken
Tilsette: Redaksjonen

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.