Vårleg vitamininnsprøyting

Brandsøykoret prisa våren med sin eigen vårlege "fuglekonsert" søndag. Ei skikkeleg vitamininnsprøyting i det vinteren er i ferd med å løyse kloa i oss.
Arve Olav Solbakken
Arve Solbakken Profil E-post
Publisert 01.04.2001 kl 19:56 Oppdatert 24.02.2003 kl 17:33

Tips ein venn på e-post:


Ingen fugl vart gløymd denne konserten. Det sikra koret seg allereie i starten då dei gjekk rett frå ein tur på stien til "Alle fugler". Frå det heilt tradisjonelle utvida koret spekteret etter kvart med ei fransk dansevise frå 1500-talet, til Bellmann, til "Morning has broken" med Cat Stevens, ulike folkeviser og stev, opplesing av eventyr med fuglar som tema og fram til Beatles og merkelege "Blackbird" Eit variert og fint program frå koret som etter fugleterminologien har berre tre hanar i korga. Til gjengjeld viser og høyrest dei godt igjen i flokken.

Den einaste tenoren, Kolbjørn Taklo, var frampå to gonger som solist med songar som ligg spelemannshjertet hans nær. Med skjemtevisa "Kråkevisa" og med "Tiurleiken" av Geir Lystrup. Bassen Kai Rønvåg var føresongar for "Alle duene".
Dette var første konsert med den nye dirigenten, polske Anna Henrykovska Michalska. Koret kling godt og dette ser ut til å bli eit vellykka samarbeid framover.

VårkonsertBRANDSØYKORET Brandsøykoret prisa våren søndag ettermiddag. Her er Kai Rønvåg solist med Alle duene.

Mest lese no

...

MGP-crewet "kjøyrer" Toyota

Lokalnytt Då elevane ved Innvandrarsenteret i Flora las på bilane Toyota Førde har lånt til MGP-crewet denne veka, stussa dei på kva det ukjende ordet "kjøyrer" betydde. Få timar seinare hadde bilfolket retta opp nynorsk-fadesen. Les meir

...

Her går det gale for kjettinglaust vogntog

Lokalnytt Utanlandske vogntogsjåførar held fram med å skape vanskar. Les meir

...

God innspurt i billettsalet

Kultur To dagar før MGP-sirkuset tek av i Florø, er det selt rundt 2200 billettar. Les meir

...

Sju trafikkuhell torsdag

Lokalnytt Torsdag var det sju trafikkuhell i Sogn og Fjordane. Eit av desse var i Florø. Les meir


Tips oss

Tlf. 57 75 73 03
SMS/MMS: 2097, kodeord "fptips"
E-post: redaksjon@firdaposten.no

Kontakt oss

Tlf. 57 75 73 00
E-post: redaksjon@firdaposten.no
Besøksadresse: Markegata 65, 6900 Florø
Postadresse: Postboks 38, 6901 Florø

Annonsere?

E-post: annonse@firdaposten.no
Meir informasjon: Marknadsavdelinga

Redaksjon

Ansvarleg redaktør: Svend Arne Vee
Nyheitsredaktør: Arve Olav Solbakken
Tilsette: Redaksjonen

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.