– Dette blir ein stor kveld for alle som har eit hjerte som bankar for Florø og Flora. Med heile 33 songar må dette vere kommunerekord, seier primus motor, kultursjef Edvin Helgheim.
100 songarar frå Vestklang, Brandsøykoret, Kinn Kyrkjekor, Pensjonistkoret og Jomentum er med på konserten, saman med eit knippe musikarar, mellom dei gitaristen Eilif Vaardal, som har laga fleire songar til boka.
– Vi skal prøve ut nokre av songane som allsong, slik at folk får ein forsmak på boka og CD-plata som følgjer med, fortel Helgheim.