Ikkje nok med det, men dei reiser dei to påfølgjande dagane på miniturné til kyrkjene i Norddalsfjord og Eikefjord. Organist Lisbeth Hovland har i fleire år akkopagnert Brandsøykoret i ulike samanhengar, og det vil ho gjere på konsertane, både på orgel og piano. Brigt Samdal, velkjend tenor frå Eikefjord, har ei eiga avdeling på alle tre konsertane, der m.a. O Helganatt står på repertoaret. Ei gruppe blåsarar frå Eikefjord Skulemusikk vert med under konsertane i Norddalsfjord og Eikefjord. På premieren i Brandsøy vert barnekoret til Ingvill med og set ein ekstra spiss på programmet
Det vert ein stilrein stemningskonsert, der formidling av julebodskapen står i sentrum. Repertoaret er ein god del kjende gamle julesongar; Glade jul, Deilig er jorden, Det lyser i stille grender, men òg nyare songar som Nordnorsk julesalme av Trygve Hoff, og En krybbe var vuggen og En stjerne skinner i natt, slik Oslo Gospelchoir syng dei.