Laurdag klokka 16.00 blir det skipa ein eigen solidaritetsring der folk stiller hand i hand kring Likkjeåsen for å markere støtte i Simon-saka.
Det var klasse 10 A ved Flora ungdomsskule som i starten hadde ein idé om å lage verdast største gang kring juletreet. Her skulle Likkjeåsen vere «juletreet».
I samband med dei 4000 underskriftene til støtte for Simon, har klassen no ønskt at ideen skal nyttast for å slå ring om Simon.
– Vi håpar at alle skular, idrettslag og andre stiller opp, seier Kåre Leif Hollevik.
Floramila går i forkant av denne markeringa, og støttegruppa håpar folk vil stille opp i solidaritet for Simon.
– Vi håpar at vi skal samle nok folk til at vi rekk rundt heile åsen. Eg snakka med ein kar i Jomentum som sa han kom med 100 meter, så no håper vi at så mange som mogeleg stiller mannsterke opp til ei storstilt støtte, seier han.