Amanda Heartness har sommarjobb på turistkontoret i Florø, og vil no guide deg personleg rundt i Ausevik, etter at sjefen heiv seg rundt og organiserte omvising for turistar.
Kalender | ||
Kampstart om:
www.mobil.firdaposten.no
Firdaposten som startside på mobilen? Send Fpm til 2005
På Firdaposten.no kan du følgje skipstrafikken i ytre Sunnfjord.
Sjå skipstrafikken LIVE her!| CECILIE EIKÅS NYGÅRD - cecilie@firdaposten.no | |
| Publisert 26.06.2009 kl 18:02 Oppdatert 26.06.2009 kl 18:03 |
Jobben skal ho dele med Synnøve Herstad, som er busett i Ausevika og i tillegg har fått ansvar for å passe på det nye anlegget.
Omvising kvar søndag
Det var den nye kultursjefen, Anita Solbakken, som tok initiativ til organisert omvising i Ausevik. Vikarierande dagleg leiar på turistkontoret, Anita Schinharl, handla kjapt. No vil ein guide stå klar til å vise deg rundt kvar søndag, for under hundre kroner. Berre denne helga blir omvisinga på laurdag, i samband med feiring av det første byggesteget i oppgraderinga av Ausevik.
Heartness har den fordelen at ho snakkar både engelsk, tysk, spansk og sunnfjordsk. Det kjem av at ho har brukt store delar av livet sitt på å reise, og har mellom anna budd mange år i Canada. Men som lita var ho mykje i Ausevika.
Ikkje utan bil eller sykkel
Skal ein delta på guida tur i Ausevik må ein ha bil eller sykkel. Turistkontoret vil ikkje organisere båt- eller busstur til staden, men anbefaler at ein tek med seg sykkelen på båt til Stavang og syklar det siste stykket sjølv. Sidan det ikkje finst sykkelutleige i dag verken i Florø eller Stavang, blir det ikkje lett for turistar utan bil å ta del i opplegget.
– Dette initiativet vart til på overtid, og blir eit prøveprosjekt i sommar. Men det er mykje bra på gang i Ausevik, mellom anna vil vi legge ut informasjon på tre språk til dei som kjem dit andre dagar. Og sjølvsagt vil vi gjerne stille med guide også andre dagar, det er berre å ta kontakt, seier Schinharl.
Har butikkane i Florø dårleg service og for lite vareutval, eller er utvalet dårleg fordi florøfolk ikkje handlar lokalt? Debatten går på Firdaposten.no!
Les meir og delta i debatten!
Video Musikarar, hovudrolleinnehavarar, statistar og funksjonærar pustar no ut etter det 26. Kinnaspelet. Her er eit glimt frå livet som deltakar. Video: Merete Husmo Høidal
Sjå video her