...
Foto: Olav Hatlemark

Ad Undas, Florø?

Fredag opnar utstillinga «Flora-album» i Hjørnevikhuset.

Publisert 13.05.2009 kl 20:00 Oppdatert 15.05.2009 kl 11:35

Tips ein venn på e-post:

...
BILDE: I mars samla kulturformidlingsstudentane Andrea Rudi Lorås og Marianne Grytten inn private bilde i Florø. No kan du sjå resultatet i utstillinga «Flora-album». Foto: Dag Nesbø Frøyen

Fredag ettermiddag opnar utstillinga «Flora-album» i første etasje i Hjørnevikhuset i Strandgata. På kvelden blir det konsertar med lokale og nasjonale artistar i etasjen over, på «Hagen».

Arrangementet har fått tittelen «Ad undas, Florø?», og bak arrangementet står fire studentar frå faget Kulturfagleg formidling ved Universitetet i Bergen.

– Ad undas er eit uttrykk som vert brukt når noko er mislykka eller går til grunne, men studentane trur likevel ikkje Florø vil gå til grunne.

Utstillinga består av ei stor fotomontasje med bilde samla inn frå florøfolk sine private album tidlegare i år. I tillegg vert fleire digitale forteljingar presentert på skjerm, der eldre historier frå byen vert formidla.

Artistar som skal spele på Hagen er mellom andre Kurt-Arve Washburn, bandet Carlsen frå Bergen, Silje Larm frå Oslo og DJ tlarm.

Mest lese no

...

Vil ha kompromiss for Kystvegen

Lokalnytt Hotelleigar Jostein Eimhjellen i Svelgen vil ha endra fjordkryssingsplanane for Kystvegen Ålesund-Bergen. Les meir

...

Selje innfører orkan-trekk i løna

Lokalnytt Selje kommune har bestemt seg for at tilsette som ikkje kom seg på jobb under Dagmar-orkanen, blir trekt i løn. Les meir

...

Kostnadssprekk for Kinnvegen

Lokalnytt Gang -og sykkelvegen kostar dobbelt så mykje som fylkeskommunen har løyvd. - Uaktuelt å vurdere andre alternativ, seier Frank Willy Djuvik i Frp. Les meir

...

Krev ny runde om åttetalsti

Lokalnytt Førre gong åttetalsstien rundt Store- og Likkjevatnet var oppe i Bystyret gjekk konfliktnivået i taket. No ønskjer Arbeidarpartiet ta opp saka att, om enn på ein annan måte enn før. Les meir


Tips oss

Tlf. 57 75 73 03
SMS/MMS: 2097, kodeord "fptips"
E-post: redaksjon@firdaposten.no

Kontakt oss

Tlf. 57 75 73 00
E-post: redaksjon@firdaposten.no
Besøksadresse: Markegata 65, 6900 Florø
Postadresse: Postboks 38, 6901 Florø

Annonsere?

E-post: annonse@firdaposten.no
Meir informasjon: Marknadsavdelinga

Redaksjon

Ansvarleg redaktør: Svend Arne Vee
Nyheitsredaktør: Arve Olav Solbakken
Tilsette: Redaksjonen

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.