Brandsøykoret skal ta oss med til Liverpool i neste månad.
Bykonserten har blitt høgdepunktet for Brandsøykoret gjennom året, og konserten 26. april vil bli ein tribute til John, Paul, George og Ringo.
Tidlegare har koret hatt stor suksess med musikken til Mikis Theodorakis og fjorårets musikalframsyning.
Totalt tel Brandsøykoret 30 medlemmer, men det blir fleire enn 30 som vil yte frå scena i april. Blant anna har Flora-Bremanger Brassband takka ja til invitasjonen
The Beatles er eit stoff dei fleste har eit forhold til og no med over ein månad att til konserten, merkar dei at valet var riktig.
– Ja, det pregar koret. Vi opplever ein heilt eigen spenning på øvingane. Veldig moro, fortel Kai-Helge Rønvåg i Brandsøykoret.
Lokal fotball Førde scora kampens einaste mål i ein kamp som blei overskygga av ein stygg hovudskade på Florø-kaptein Andre Reksten Les meir
Lokal fotball Sunnfjord-rivalar i storform møtast til klassisk 16.mai-kamp. Blir det ein ny folkefest? Les meir