FLORØ: Sivert Liset Osland frå Florø er med i den nye satsinga på barne-TV til NRK. Saman med fem barn frå Nordfjord blir han å treffe i beste sendetid før jul.
Ungar frå Nordfjord skal på barne-TV i beste sendetid før jul. I serien «Her er eg!» skal vi møte seks ungar, fem av dei frå Nordfjord og ein frå Florø.
Sivert Liset Osland har høner og egg i uthuset. No ventar han på at det skal kome ut lysegule kyllingar. For at kyllingen ikkje skal fryse, brukar han mamma si symaskin til å lage skjerf til kyllingen.
- Serien blir sendt rett etter Jul i Blåfjell. Det er laga 27 episodar i alt, og åtte av dei skal sendast neste år, fortel regiansvarleg Eva Westvik i NRK Sogn og Fjordane.
Ho har laga serien i lag med fotografane Torje Bjellaas og Merete Høidal. Så langt er tre av episodane utveksla gjennom den Europeiske Kringkastingsunionen til utanlandske kanalar i Europa, Afrika og Asia.
Dei andre borna i serien er Alexa Rogdo Melheim frå Heggjabygda i Eid, Linn Kristin Saltkjel frå Saltkjelen i Vågsøy, Per Haus Nore frå Haus i Eid, Berge Torheim Andal frå Måløy og Ananda Bickhardt frå Selje.
Lokal fotball Førde scora kampens einaste mål i ein kamp som blei overskygga av ein stygg hovudskade på Florø-kaptein Andre Reksten Les meir
Lokal fotball Sunnfjord-rivalar i storform møtast til klassisk 16.mai-kamp. Blir det ein ny folkefest? Les meir